Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Storegutprisen til Kristin Sørsdal

    Forfattaren og omsetjaren Kristin Sørsdal får årets Storegutpris for omsetjinga av Elena Ferrantes Napoli-kvartett. Ho tek imot prisen på Litteraturdagane i Vinje 26. august.
    Litteraturdagane i Vinje deler kvart år ut «Storegutprisen». Det er ein pris som skal gå til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rommet. Juryen

  • Frå kjernefysikk til kommunereform - nytt nummer av Syn og Segn ute no!

    Syn og Segn har levert sakprosa i 123 år og fornyar seg stadig. I den nye utgåva er det temasider om barneoppdraging, stor samtale med feminist og politikar Shukria Barakzai, tekstar om kommunereform, intervju med Marina Litvinenko og tankar om redselen for å sparke nedover. Og mykje meir!
    BARNEOPPDRAGING: Vi lever i eit kontrollsamfunn der vi har vanskar med å stole på den ibuande klokskapen i

  • Ny ungdomsroman frå Marit Kaldhol

    Sterkt og sårt om ungdomstid 
    Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.
    Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han

  • Ny roman frå Kristin Sørsdal; om menneske på flukt og dei som tek dei imot.

    Kristin Sørsdal, mest kjend som Elena Ferrantes norske omsetjar, er klar med sin tredje roman, "Mare", som utforskar maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa.
    Om boka: Solveig går i land på øya Lampedusa som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på

  • Lars Mæhle med ny kriminalroman!

    Intens krim om eit mørkt kapittel i norsk historie
    Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å

  • Ingunn Thon debuterer med sprelsk barneroman!

    Spennande, gripande og morosam barneroman
    I ei tid der mange barn lever med nye familiekonstellasjonar med mine, dine og våre, skriv Thon gripande og morosamt frå barnets perspektiv.
    - Eg ville skrive om opplevinga rundt ein ny familiekonstellasjon fordi det er mange barn i dag som må takle det. Eg håpar dei kan finne trøyst og forståing i Ollis og hennar situasjon, seier Thon.
    For heim

  • Kritikarros til ny sjølvhjelpsbok; "Livet og korleis leve det" av Anne Gunn Halvorsen

    "den eneste selvhjelpsboken du trenger" seier Hilde Østby i Aftenposten. "Noe så sjelden som en velskrevet, lærerik og intelligent selvhjelpsbok" seier Cathrine Krøger i Dagbladet. 
    Lanseringsarrangement på Kulturhuset, Youngstorget i Oslo 14. februar kl 19.
    På kort tid har Anne Gunn Halvorsen (32) fått to barn, mann og rekkjehus. Ho har pådrege seg gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksen

  • "Svikne dagar" - gripande roman frå forfattaren bak Napoli-kvartetten

    38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine. Ho dreg dei to ungane med seg i fallet.
    Svikne dagar er ein samtidsklassikar av ein forfattar som The New York Times har omtalt som «ein av dei store romanforfattarane i vår tid». Romanen har gripe

Vis mer