"Ventrakl" av Christian Hawkey ute på norsk i Mathias R. Samuelsens omsetting
Den hybride diktbiografien Ventrakl er amerikanske Christian Hawkeys forsøk på å komme i kontakt med den austerrikske poeten Georg Trakl (1877–1914) – på tvers av både språk og tid. Resultatet er ein openhjartig og djuptfølt samtale mellom to poetar frå to ulike hundreår. Boka arbeider med grunnleggande spørsmål, som korleis vi les tekst og bilde, korleis forfattarskap flyt over i kvarandre, og ko