Gå videre til innhold

Pressemelding

"Ventrakl" av Christian Hawkey ute på norsk i Mathias R. Samuelsens omsetting

Den hybride diktbiografien Ventrakl er amerikanske Christian Hawkeys forsøk på å komme i kontakt med den austerrikske poeten Georg Trakl (1877–1914) – på tvers av både språk og tid. Resultatet er ein openhjartig og djuptfølt samtale mellom to poetar frå to ulike hundreår. Boka arbeider med grunnleggande spørsmål, som korleis vi les tekst og bilde, korleis forfattarskap flyt over i kvarandre, og korleis omsettingspraksis kan gjere rommet mellom litteratur og liv rikare.

Ventrakl er ei rørande bok om krig, sjukdom, kjærleik og dikting. Ho handlar om kva som er mogleg å overføre frå eit språk til eit anna, og om kor mykje av ein person som blir att etter dokumentasjon og mytebygging. Gjendiktingstematikken blir ytterlegare forsterka når Mathias R. Samuelsen må finne sine eigne metodar og strategiar for å overføre denne samtalen mellom Hawkey og Trakl til norsk.

Christian Hawkey (f. 1969, busett i Berlin) er ein amerikansk poet, omsetjar, redaktør, aktivist og lærar. Han har skrive fleire diktbøker, inkludert Sonne from Ort, Ventrakl, Citizen Of, The Book of Funnels og fleire «chap books». Den siste utgivinga hans er Sift (2021). Tekstane hans er blitt omsette til mange språk. Med Ventrakl blir Hawkey for første gong utgitt på norsk.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter