LANSERING AV APOKALYPSE OSLO AV SIMON MALKENES
Ein politisk pamflett om høgreekstrem retorikk før og etter 22. juli. Lanseringsdato 20.3.
Ein politisk pamflett om høgreekstrem retorikk før og etter 22. juli. Lanseringsdato 20.3.
I morgon, onsdag 22. februar, er det 150 år sidan Hulda Garborg blei fødd. Med biografien om Hulda Garborg har forfattar Arnhild Skre løfta fram den nasjonale strategen til å bli Bragevinnar, kjendis og boksuksess i året før ho fylte 150. Boka Hulda Garborg. Nasjonal strateg er no komen i 4. opplag.
Aina Basso er aktuell med ny ungdomsroman om hekseprosessane i Finnmark, Inn i elden. Samlaget lanserer boka under Finnmark Internasjonale Litteraturfestival 29.2. I løpet av 1600-talet vart rundt 80 ”trollkvinner” dømde til døden i Finnmark. Dette er det dramatiske bakteppet for Inn i elden, historia om to unge jenter som hamnar på kvar si side i den grufulle heksejakta.
Samlaget presenterer haustlista 17.8. kl 10, på Litteraturhuset i Oslo. Fleire av haustens forfattarar vil vere til stades: Ragnar Hovland, Brit Bildøen, Marit Eikemo, Olaug Nilssen, Sylfest Lomheim, Sigrun Slapgard, haustens debutantar m.fl.
Austigard er økonom og forfattar. Han kjem frå stillinga som adm.direktør i Den Norske Bokdatabasen as. Austigard overtek etter Tom Skovdahl som har vore konstituert direktør sidan januar 2011. Starttidspunkt er ikkje avklart, men vert seinast 1.1.2012.
Samlaget har kjøpt rettane til Patti Smiths bok Just kids. Boka kjem ut våren 2012 og Brit Bildøen skal omsetje boka.
Den kritikarroste omsetjaren Lars Moa er tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Rysst pris. For si siste omsetjing, U - historier om djevelskap
Den prislønte forfattaren og designaren Kari Stai er ute med ein ny peikebokserie - Mopp og Mikko. Mopp praktikar og Mikko er romantikar. Dei to gledesfylte typane er på nysgjerrig leting etter noko dei likar eller undrar seg over.
I Bjørlos nye roman Avtrykk reiser hovudpersonen Sigrid i løynd til familien sitt sommarhus ein stad på Vestlandet. Ho vandrar rundt i området og vekkjer slik fortida til live.
Samlaget og Cappelen Damm inngår no ei avtale der Samlaget kjøper Cappelen Damms netthandelsløysing for sal av trykte og digitale læremiddel.
Harald Thingnes i NRK Sport er tildelt Alf Helleviks Mediemålpris. Thingnes får prisen for sitt konsekvente og ledige nynorsk i ein bokmåldominert journalistisk sjanger.
Samlaget lanserer om lag 50 ebøker når Bokskya opnar 4. april. Bøker av mellom andre Ragnar Hovland, Frode Grytten, Olaug Nilssen, Jon Fosse, Brit Bildøen, og Are Kalvø vert å finne på portalen.