Johanne Nyborg aktuell med boka "Tolv dagar i april. Ei odelsjente fortel"; foto og tekstar om lamming og lengta heim til odelsgarden
Kvar vår dreg odelsjenta Johanne Nyborg frå Oslo til familiegarden på Vestlandet for å hjelpe mor si i lamminga. I boka Tolv dagar i april tek ho lesaren med inn i fjøsen, der ho gjennom tekst og bilete skildrar den vakre og brutale lammingsperioden. Johanne utforskar òg forholdet til mor si, til garden ho voks opp på, og den indre dragkampen mellom bygd og by. I dag lever ho det livet ho ein gong