Pressemelding —
Marita Aarekol og Marit Eikemo kjem med bok om forlatne hus på Vestlandet; "Husdraumar. forlatne heimar og folka som levde der"
Fotografen Marita Aarekol har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert forlatne hus. Forfattaren Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der.
Ei undersøking i 2026 synte at 200 000 bustader står tomme her i landet, mange i grisgrendte strok.
Dette er ei historie om nokre av dei tomme husa. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er blant anna arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar og personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar.
Aarekol og Eikemo fortel blant anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ein gigantisk steinblokk klint inntil husveggen.
Marita Aarekol (f. 1959) er fotograf. I ei årrekke har ho arbeidd som fotograf i Bergens Tidende. Ho er særleg kjend for bilete som dokumenterer kvardagsliv og menneske.
Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho debuterte i 1999. Den første romanen hennar, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut sju romanar, den seinaste er Vi er brødrene Eikemo (2024). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.
Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.
Emner
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.