Skip to main content

Tru, håp og teater

Blogginnlegg   •   feb 16, 2017 07:35 CET

Svein Tindberg var i Jerusalem i 2017 for å gjere research til framsyninga Utafor. Med seg hadde han sine fire unge medspelarar.

I vår blir det teater i kampen mot ekstremisme på Hovudscenen. Det Svein Tindberg ønskjer med prosjektet, er at vi skal sjå kvarandre, for pokker!

Dei siste åra har fleire tusen europearar slutta seg til IS. PST anslår at om lag 100 av desse framandkrigarane har band til Noreg. I dette talet er det både menn, kvinner og barn. Når grunnen no skakar under Den Islamske Staten, reiser fleire av framandkrigarane heim igjen til Noreg.

Korleis startar ein radikaliseringsprosess? Og korleis kan ein stogge denne prosessen? Startar han allereie i skolegarden? Kan det vere så enkelt som at vi må sjå kvarandre? Dette er spørsmål som blir løfta opp på Hovudscenen med framsyninga Utafor.

AKTIVISTEN

- Eg er eit teatermenneske, har vore det heile livet. Noko så spinkelt som ei teaterframsyning kan endre enkeltmenneske. Eg trur faktisk på at sanne møte mellom menneske kan endre oss.

Skodespelar Svein Tindberg har vore med på dette møtet mange gonger. Teateret i si enklaste form – skodespelar, tekst og publikum – kjenner han godt til. Dei to soloframsyningane Evangeliet etter Markus og Abrahams barn har til saman vore spelt nesten 500 gonger, for meir enn 175 000 publikummarar.

No står eit nytt prosjekt for tur. Denne gongen løfter han fram stemmer og forteljingar om utanforskap. Framleis er det religionsdialog med teaterrommet som møteplass. Men denne gongen er det kampen mot radikalisering som opptek han. Det blir aktivisme, musikk og personlege erfaringar. Og han har med seg fire unge menneske til å fortelje desse historiene.

Faten Mahdi Al-Husseini i Jerusalem

EIN DAMPVEGVALS

Første gongen Svein møter Faten Mahdi-al Husseini er på eit dialogmøte for studentar på Høgskolen i Vestfold. Faten har vore synleg i mediebildet etter at ho som den første i Europa arrangerte den første demonstrasjonen mot IS og den meir heimlege organisasjonen Profetens Ummah, der ho tala ekstremistane midt imot.

- Eg visste godt kven ho var. Faten gjorde inntrykk på meg. Ho er som ein dampvegvals! Vi snakka om dei same tinga, men på totalt ulik måte, seier Svein Tindberg.

Tindberg ser at ho verkar som ein magnet på unge menneske, spesielt jentene som flokkar seg rundt ho etter foredraget. Eg kan spele Abrahams barn ti tusen gonger, og aldri nå dei same menneska som ho, tenkte eg. Som ung muslimsk jente i Noreg hadde Faten erfaringar og historier Tindberg visste lite eller ingenting om. Og ho hadde språket og viljen til å inspirere andre med si forteljing.

Seinare møter han også Yousef Bartho Al-Nahi. Yousef er ein norsk konvertitt frå Nøtterøy. Han gjekk på vidaregåande da han tok dei første stega inn i ekstremismen. Det var einsemda som gjorde at han oppsøkte dette miljøet, og der tok dei varmt imot han. Det er med utanforskap at kimen til radikalisering blir fødd. Yousef kom seg ut av miljøet, og saman med Faten starta han organisasjonen Just Unity. Dei reiser rundt i inn- og utland for å fortelje om radikalisering og ekstremisme.

FIRE STERKE STEMMER

Svein Tindbergs møte med desse to, og dei kraftfulle historiene dei fortel, gir han ein ide. Han vil hjelpe dei å nå ut til fleire. Han vil få dei opp på sin heimebane: teaterscenen. Svein får med seg Siri Seim Sønstelie. Ho var på Utøya sommaren 2011 og overlevde terroristen som hevda han ville redde den kristne kulturarven. I tillegg ville Svein ha ein jødisk stemme. Valet fall på Tor Itai Keilen.

Faten, Yousef, Siri og Tor skal stå på Hovudscenen på Det Norske Teatret for å fortelje sine eigne og andre sine historier om utanforskap. Tindberg er manusforfattar og initiativtakar til prosjektet. Han skal òg har regi på framsyninga. Prosjektet har motteke 400.000 kroner i støtte frå Kulturdepartementet.

- Det er så enkelt som at møtet med desse fire ungdommane har endra meg, seier han. - Eg veit noko meir om verda. Eg vil at mange skal høyre det. Han ønskjer med dette å sette einsemd inn i ein ny samanheng.

Dei han først og fremst ønsker å nå, er ungdom. Utanforskap startar i skolegarden.

Faten, Yousef, Siri og Tor blir med Svein på Hovudscenen. 

UNGE FORTELJINGAR

I fjor haust var fleire hundre skoleelevar innom Det Norske Teatret der dei mellom anna møtte Faten, Yousef og Svein. Desse elevane er med på eit stort internasjonalt teaterprosjekt om radikalisering og utanforskap. Som ein del av dette prosjektet hadde dei ein workshop knytt opp mot framsyninga Utafor.

Elevane var med på nokre øvingar på golvet. Dei skulle plassere seg sjølve på ei linje, «ja» på den eine sida, «nei» på den andre. Har du vore med på å halde nokon utanfor? Dei fleste elevane går til «ja». Har du sjølv vore utanfor? Absolutt alle svarar «ja». Og i desse to svara finn Tindberg bodskapen til framsyninga: –Ja, eg har halde nokon utanfor, og ja, eg har kjent på smerta av å vere utanfor. Her har eg konklusjonen om kva denne framsyninga skal vere: Sjå kvarandre da, for pokker!, seier Tindberg.

Ungdommane fekk lov til å sende inn eigne forteljingar om utanforskap anonymt. I historiene som kom inn var heile spekteret av utanforskap, og fleire veldig mørke beretningar. Ungdom som har prøvd å ta sitt eige liv, om eteforstyrringar, alkoholisme i heimen, mobbing. Svein seier at ein kan ta kva for klasse som helst, og ein vil finne slike historier. - Det er så mykje utanforskap, og det er ikkje alltid det er synleg.
Fragment av fleire av desse historiene vil bli ein del av teaterframsyninga Utafor. For Svein er det viktig at ungdommane sjølve føler at deira stemme blir teken på alvor. Dette er ikkje berre teater for ungdom, men med ungdom.

IKKJE FOR MANNFOLK

I det internasjonale skoleprosjektet har ungdom svart på ei spørjeundersøking. Så langt har rundt 300 ungdommar frå 5 ulike land vore med i undersøkinga. Godt over halvparten svarar at dei er bekymra for framtida. Svein Tindberg kan forstå det:

- Eg er og bekymra for framtida, det er mange mørke skyer. Desse tinga vi snakkar om no, miljøet vårt, verdas utvikling, Trump. Men samstundes veit eg at det finst lyspunkt. Og desse lyspunkta er enkeltmenneske. I enkeltmenneske ligg det håp. Wenche Foss sa ein gong at skodespelar er eit veldig fint yrke, men det passar ikkje for mannfolk. Teater er hjartevarmt og naivt. Små menneskeleg møte som endrar oss. Sånn er det med Utafor, avsluttar han.

Svein Tindberg har tru på at dette prosjektet kan endre nokon, gi nokon eit rikare syn på sine medmenneske. Og eit anna syn på dei som trør feil her i livet. Det er teater i kampen mot utanforskap. Og den kampen startar med at vi ser kvarandre. 

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar