Gå videre til innhold
Sildegutar og sildejenter i operaen Sildagapet,  av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde
Sildegutar og sildejenter i operaen Sildagapet, av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde

Nyhet -

Nyhendebrev nr. 3 - Opera Nordfjord innbyr til 20-årsfest i 2018

Sildeopera rørte ved hjarta

Aller først ønskjer leiinga i Opera Nordfjord å takke librettist, forfattar, solistar, kor, orkester, kunstnarisk team, frivillige, og ikkje minst PUBLIKUM for at operaen Sildagapet - ein opera om havets sølv av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde vart ein stor suksess. Tilbakemeldinga frå publikum tyda på at temaet gjekk «rett heim» hos publikum, og at operaen greidde å både underhalde, glede, begeistre og røre ved hjarta. Med heile 3751 publikummarar på 8 framsyningar og 350 på generalprøven har Opera Nordfjord auka billettsalet frå 58% i fjor til 96% i år. No ønskjer vi våre nye publikummarar med vidare til nye, gode konsert- og operaopplevingar i jubileumsåret.



Spelmusikk-konseptet SCORE

Operapublikumet til Opera Nordfjord er nok ganske ukjend med den første retten på jubileumsmenyen; dataspelmusikk med fullt symfoniorkester vert garantert eit spennande og forhåpentlegvis positivt møte for dei skeptiske. Oppmodinga er å legge att skepsisen heime og ta utfordringa om å prøve noko nytt på strak arm. Du som er besteforelder: ta med deg barnebarnet, eller du som er mor eller far: overrask barnet ditt med å ta det med – saman med deg sjølv – på SCORE-konsert. Vi vonar at både dei som aldri har vore på ein symfonikonsert før, og dei som aldri har halde i ein spelkonsoll, begge skal ha stor glede av den eventyrlege, spennande og vakre musikken SCORE representerer – og presenterer.

Publikum får møte konferansier Orvar Säfström, ein kjend programleiar, journalist, rockar og spelentusiast frå Sverige, som saman med Magnus Johansson har utvikla SCORE over dei siste 10-11 åra. Føremålet med prosjektet deira er å bryte ned grenser og motforestillingar, der ein gjerne enten trur at ein ikkje likar klassisk musikk, eller «er imot» dataspel. Det klassiske symfoniorkesteret står i sentrum, og målet er å gi publikum ei stor konsertoppleving, enten du er spelentusiast eller tilhøyrer det klassiske konsertpublikumet.

Den svenske sopranen Sabina Zwaiacker er solist, og eit stort felleskor er samansett av Høgskulekoret ved Høgskulen i Volda, koret Stemt frå Volda og operakoret til Opera Nordfjord. Delar av repertoaret finn ein på heimesida til Opera Nordfjord; dei siste innslaga er snart på plass og vert lagt ut fortløpande.

https://www.operanordfjord.no/billettar


La Bohème ENDELEG tilbake!

I 2000 vart vakre La Bohème av Puccini sett opp i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid til stor jubel frå eit begeistra publikum. No er endeleg tida komen for eit kjært gjensyn med dei sjarmerande bohemane i ein av verdas mest spelte og elska operaer.

Det er ei stor glede å presentere solistlaget for jubiléumsproduksjonen 2018: Mimi: Margrethe Fredheim, Rodolfo: Thorbjørn Gulbrandsøy, Marcello: Mads Wighus, Musetta: Gunda-Marie Bruce, Schaunard: Thomas Røshol, Colline: Martin Hatlo, Alcindoro/Benoît: Lars Eggen.

Det kunstnariske teamet vert klart om kort tid.

Billettsalet opnar på www.operahuset.no 1. desember – operabillettar er ein strålande julegåveidé!

Speldatoar vert kunngjorde om kort tid, følg med på Facebook!

Elles gjenstår nokre få rettar på jubileumsmenyen – det vert både skulemusikal med Eid vgs i midten av mars, spennande produsentsamarbeid om nyskriven opera i juni og familieframsyning på seinhausten – men det vert det meir om i neste nyhendebrev.

Velkomen til Facebooksida vår, Opera Nordfjord, der du finn fortløpande informasjon, bilete, videoar og nyhende – gå inn og like den, så kjem informasjonen lettare til deg!

https://www.facebook.com/operanordfjord/

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Relatert innhold

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge