Nyhet -
Kulturministeren til Rommen Scene
Måndag kjem kulturminister Abid Q. Raja på besøk til Det Norske Teatrets satelittscene på Rommen for å høyre om teaterets arbeid med å spegle det nye Noreg både på scenen og i salen, og kor vegen går vidare.
I år er det 8 år sidan Det Norske Teatret starta teaterutdanninga Det Multinorske for skodespelarspirer med familiebakgrunn utanfor Europa. 10 skodespelarar har sidan funne vegen til norsk teater, TV og film, og fem nye er undervegs.
I fjor opna satelittscenen på Rommen i Groruddalen for å nå ut til eit nytt publikum. Blokk til blokk (2018) opna scenen og Tante Ulrikkes vei (2019) var den første urpremieren produsert på Rommen. Begge framsyningane handlar på ulikt vis om det å vekse opp i Groruddalen, og har nådd eit stort publikum. No ligg nye planar om korleis ein kan rekruttere teaterarbeidarar til andre yrke på og bak scenen i støypeskeia.
Til stades på møtet måndag er også mellom andre teatersjef Erik Ulfsby, direktør Hans Antonsen, direktør ved kulturetaten i Oslo kommune, Stein Slyngstad, og skodespelar Sara Khorami (utdanna ved Det Multinorske).
Alle involverte vil vere tilgjengelege for evt. intervju og kommentarar.
Møtet er sett opp måndag 24.2. frå 11.00 til 12.30.