Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Eirik Stubø tilbake med suksessframsyning

    Eirik Stubøs genistrek av ei musikalsk teaterframsyning blandar familietragedie med liveframførte jazzlåtar. I oktober får Sorga kler Elektra nokre få ekstraframsyningar, og kjem rett frå Bergman-festivalen ved Dramaten i Stockholm.

  • Jon Fosse i storformat

    For første gong på Det Norske Teatret blir eit stykke av vår tids mest anerkjende dramatikar sett opp på Hovudscenen. Det skjer når Trine Wiggen regisserer Fosses storslåtte drama "Draum om hausten".

  • Kva gjer testsamfunnet med oss?

    I "Fridomens vegar" undersøkjer regissør Tore Vagn Lid kva den utstrakte testinga vi blir utsette for gjer med oss. Dette gjer han i ein pubquiz-inspirert setting der publikum blir delte inn i lag, og skodespelarane opptrer som quizvertar som testar publikums kunnskapar og resonneringsevner.

  • Teater om flykningekrisa

    Liknar vår del av verda meir og meir på ein festning mot dei som ønskjer å ta del i velstanden her nord? Sjølv om vi prøver å stenge krigens vondskap ute, så veltar han ubønnhørleg over oss. Til og med når vi er på ferie.