Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Dragonblood: Kaotisk sjangermiks på Scene 3

    Only Slimes Dragonblood tangerer dei fleste i å blande sjangrar. Resultatet er det dei sjølve kallar ein "fantasy-opera". - Ei på alle måtar ekstrem oppleving. Publikum er med dette åtvara.

    Julie The Dragon Slayer (Julie Moe Sandø). Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
  • Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Fossefestivalen DIFF

    Fossefestivalen DIFF 2025 har trekt eit rekordhøgt antal publikum. Opningshelga var full med Fosse-premierar, samtalar og gjestespel. Men det er fleire høgdepunkt i vente. DIFFs høge beskyttar, H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er venta til festivalen i morgon, onsdag, for å oververe lesesirkelen som tar for seg romanen Naustet av jon Fosse.

  • Premiere på Vinter og Skodespelet under Fossefestivalen

    I morgon sparkar Fossefestivalen i gang med lansering av Vaim, den nye romanen til Jon Fosse. Deretter blir det premiere på Vinter i ei nytolking av det belgiske stjerneskotet Lisaboa Houbrechts. Laurdag byr vi på urpremiere på Skodespelet, eit heilt nytt stykke frå Fosses hand.

    Carl Martin Eggesbø i Vinter, Marianne Krogh og Kenneth Homstad i Skodespelet. Foto: Kurt van der Elst/Siren Høyland Sæter.
  • DIFF: Slagkraftig Fossefestival

    DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - framstår i si fjerde utgåve både i ny drakt og meir slagkraftig enn nokon gong. Festivalen har fått HKH Kronprinsesse Mette-Marit til høg beskyttar og litteratursensasjonen Édouard Louis som årets æresgjest. Med eit stjernespekka program, knallsterke framsyningar og internasjonale gjestespel vil både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang

  • Lagar teater om pride-terroren

    - Eg har kjensla av at det ligg noko her som vi ikkje snakkar om, seier dramatikar og regissør Nina Wester. Det er terroren som roka under Oslo Pride 25. juni i 2022 ho siktar til. Det vi ikkje snakkar om, ønskjer ho no å få fram i lyset og opp på scenen. I 2027 blir det teater, men først er ho ute etter å sanke inn historier og stemmer frå ulike lag av befolkinga.

  • Det Norske Teatret opnar under Pride

    - Å stå saman i kampen for likeved og retten til å elske den ein vil, er ein viktig verdi heile året. Eg er veldig glad for at vi i år kan vere med på å markere dette ekstra under Pride, seier teatersjef Kjersti Horn, som for første gong opnar huset under Oslo Pride.
    Det Norske Teatret har i utgangspunktet gått inn i sommardvale - men i år opnar huset dørene under Oslo Pride. Det blir utstillin

  • Play Station-teater på Scene 3

    Dei som er fødde på 80- og 90-talet har mest truleg kjennskap til, eller nærer djup kjærleik til, Playstation-spelet Tekken. Det går ut på å slåst med ulike karakterar - og no er spelet utgangspunkt for ei teaterframsyning der publikum sjølve er med på å bestemme kva som skal skje.

  • Sjarmerande og fargerik framsyning for dei minste

    Foajeen ved Scene 2 har blitt til ein iglo - og her bur dei to gode vennene Unni og Gunni. Julie Moe Sandø og Ina Svenningdal gir liv og kjensler til dei to pingvinane, som inviterer publikum med ei leiken og koseleg stund med alle regnbogens fargar.

  • Det kokar over på Scene 3 i mai og juni

    Skulle du gjerne ha lært deg å lage Vest-Afrikas mest populære rett, jollof rice? Eller er du klar for ein kveld der du kan få den komplette samlinga av byens heitaste spelkort? Dette – og mykje meir – kan du oppleve på Scene 3! I tillegg blir det undergrunnsteater, konsert, stand up og Tekken-turnering i mai og juni.
    ULIKE SIDERETTAR PÅ SCENE 32. MAI - 6. JUNISCENE 3I tillegg til teaterframsyn

Vis mer