Gå videre til innhold

Emner: Teater

  • Kan ei bok endre synet på eit heilt folk?

    I 1910 blei den første samiske boka gitt ut. Boka handla om samiske reindriftsamar og var med på å endre folks oppfatning av det samiske folket. No har det blitt teater av forteljinga om mannen bak boka - Johan Turi.

  • Finst det berøringspunkt mellom heltedåd og terrorisme?

    Finst det likskapar mellom tankane som fer gjennnom hovudet til ein mann utan våpen som stiller seg opp framfor ei rad med tanks og ein mann som drep ungdomar for, med hans eigne ord, å forsvare Europeisk kultur? Kan ein i det heile snakke om to så ulike handlingar på same tid? Dramatikar Chris Thorpe gjer det.

  • Teater om å vere migrant

    "Vinduer" er ei framsyning om å migrere, frivillig eller under tvang, og viktigheita av bli forstått og gjere seg forstått.

  • Det Norske Teatret opnar sommaren på kulturslottet Oscarshall

    Utandørsversjon av Haugtussa, Oskar Braaten, Jakob og Neikob, hip hop-workshop og taterhistorie står på programmet når Det Norske Teatret overrekker si gåve til kongeparets 80-årsdag på Oscarshall i helga. Gåva er meint å komme folket til gode.

  • Kva ansvar har vaksne for sårbare barn?

    Ei jente på 11 år har tatt livet sitt. Korleis kunne det skje? Kunne det ha vore forhindra? Kven har ansvaret? Foreldra? Skolen? 11 ÅR er ei teaterframsyning som tek i bruk dokumentarisk materiale for å fortelje ei historie om einsemd, skyld og forskyving av ansvar.

  • Barn og unge frå heile verda med KORK på scenen

    100 aktørar frå 35 ulike land står saman på scena med Kringkastingsorkesteret i framsyninga Fargespill - KORK, som gjorde braksuksess under Festspillene i Bergen. No kan Oslopublikumet glede seg til å oppleve det forrykande stemnemøtet mellom ulike kulturuttrykk.

  • Her er hausten på Det Norske Teatret

    ​I dag la Det Norske Teatret fram repertoaret for hausten 2017. Med eit rikhaldig program, held teateret fram den sterke satsinga på norske urpremierer, men opnar Hovudscenen med Broadwaysuksessen The Book of Mormon, som endeleg kjem på norsk.

  • Det Norske Teatret gratulerer Nationaltheatret

    I dag, fredag 21. april, kom statsråd Linda Hofseth Helleland med meldinga om at regjeringa no tar grep for å rehabilitere Nationaltheatret. Dette er godt nytt for heile scenefeltet. Nationaltheatret er den fremste og kjæraste konkurrenten til Det Norske Teatret. Som to store, nasjonale teater i same by har vi målt krefter mot kvarandre gjennom tiår, og slik kontinuerleg skjerpa den kunstnarlege u

  • Alan Lucien Øyen gjer Lars Norén

    For karakterane i Som lauvet i Vallombrosa er livet tomt og vinglasa fulle. Alan Lucien Øyen, ein av våre mest spennande nye regissørar, har brynt seg på ein av nestorane innan skakk-køyrde familierelasjonar; Lars Norén.

  • Amerikansk stjerneregissør gjer Edda

    Robert Wilson skapte historie da han sette opp Peer Gynt ved sitt førre Noregsbesøk. No er regissøren endeleg tilbake, for å sette sin karakteristiske signatur på eit mytisk univers som kanskje er i ferd med å gå i gløymeboka for mange - vår eigne norrøne mytologi.

  • Tru, håp og teater

    I vår blir det teater i kampen mot ekstremisme på Hovudscenen. Det Svein Tindberg ønskjer med prosjektet, er at vi skal sjå kvarandre, for pokker!
    Dei siste åra har fleire tusen europearar slutta seg til IS. PST anslår at om lag 100 av desse framandkrigarane har band til Noreg. I dette talet er det både menn, kvinner og barn. Når grunnen no skakar under Den Islamske Staten, reiser fleire av fra

  • Nytt studentkull ved Det Multinorske på Det Norske Teatret

    Under eit styremøte på Det Norske Teatret tysdag 14. februar blei det avgjort at Det Multinorske skal halde fram med eit tredje studentkull med oppstart hausten 2018. Det Multinorske er eit studietilbod for skodespelarstudentar med familiebakgrunn utanfor Europa, og tilbodet blei etablert ved Det Norske Teatret hausten 2012.

  • Dei store kreftene

    Johannes Holmen Dahl og Nia Damerell er aktuelle med ein nedtona og tidlaus versjon av Antigone på Hovudscenen med premiere i mars. Der tar dei i bruk heile det ruvande scenerommet for å la teksten i Halldis Moren Vesaas’ prisløna omsetjing møte publikum utan påfunn og pynt.

Vis mer