Gå videre til innhold
Helene Foshaug i Målselv Bygdekvinnelag lager mat sammen med elever. Prosjekt "Bruk hele dyret" under Verdens matvaredag 16. oktober 2020.
Helene Foshaug i Målselv Bygdekvinnelag lager mat sammen med elever. Prosjekt "Bruk hele dyret" under Verdens matvaredag 16. oktober 2020.

Nyhet -

Bruk heile dyret

– Vi er så imponert over dei interesserte og flinke elevane, seier Kjellaug Urdshals i Gossen Bygdekvinnelag. Ho

hadde med seg skulekokken, lærarar og andre dyktige bygdekvinner til å gje kyndig rettleiing til dei ivrige elevane.

Gossen Bygdekvinnelag var eitt av 50 bygdekvinnelag som markerte verdas matvaredag 16. oktober 2020. Bygdekvinnelaget løfta fram lam som ein nasjonal matskatt. Fleire av bygdekvinnelaga hadde tett samarbeid med barne- og ungdomsskular der dei saman med elevane hadde partering og matlaging.

Lam på skulemenyen

Vågå Bygdekvinnelag hadde òg eit samarbeid med skulen. Dei tok turen til Vågå ungdomsskule to fredagar på rad for å vere saman med elevar i valfaget kulturarv. Lene Gott-Anderssen, leiar i Vågå Bygdekvinnelag, fortalde om kva betydning sau og lam har for bygda med omlag 15 000 dyr på beite, før dei saman laga
lammeburgar.

– Nokre elevar synst naturleg nok det smakte litt sau, men lammeburgarane vart godkjent, fortel Gott Anderssen med eit smil.

– Dette er praktisk matkunnskap som gjev auka forståing for arbeidet som ligg bak maten, seier Cesilie Aurbakken, generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag som rosar innsatsen til lokallaga.

Bodskapen til Norges Bygdekvinnelag er at tradisjonell matkunnskap og bruk av råvarer er viktig kunnskap for framtida. Å nytte dyret frå hodet til halen kan gje inspirasjon til å lære meir om kosthald, matproduksjon og matlaging.


Engasjerande aktivitetar

Koronapandemien har vore ei utfordring for aksjonen i år. Mange stader førte det til at aksjonen ikkje vart heilt som planlagt. Innsatsen frå lokallaga har likevel vore imponerande. Mange lag har snudd seg rundt og endra opplegget frå å stå utanfor butikk til andre engasjerande aktivitetar.

Frogn Bygdekvinnelag inviterte ordføraren i kommunen, fyrte opp bålpanne og serverte lammegryte til turgåarar. Gjøra Bygdekvinnelag laga seksrettars-meny av heile lammet. Valldal Bygdekvinnelag serverte lammegryte i sentrum og Østre Udnes Bygdekvinnelag laga mat saman med bygdeungdomslaget. Andre lag
hadde lam på agendaen på årsmøtet og lammegryte på medlemsmøtet.

Hjå Helene Fosshaug i Målselv Bygdekvinnelag var medlemmane så nøgde med parteringskurset at dei oppretta ei eiga Facebookside som heiter «Lammesiden». På lammesiden kan alle delta. Her kan ein dele råd og erfaringar til bruk av dei ulike delane av dyret.


Lesarinnlegg

Aktiv bruk av sosiale media har òg vore ein viktig del av kampanjen. Med plakatar som syner innmat og ulike delar av dyret, nettsaker og ikkje minst mange fine bilete frå lokallaga, har vi sett vårt preg på verdsveven. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad besøkte bygdekvinnelaget under aksjonen og fekk saman med Jorun Henriksen, leiar i Norges Bygdekvinnelag, servert lam av landslagskokk Kjell Patrick Ørmen. Ministeren er opptatt av å ta vare på kultur og tradisjon, og minte oss på å spørje etter fleire stykningsdelar i matbutikken.

Related links

Kategorier

Kontakter

Astrid Seime

Astrid Seime

Organisasjonsrådgiver Bruk hele dyret, verdens matvaredag 908 72 411
Cesilie Aurbakken

Cesilie Aurbakken

Pressekontakt Generalsekretær 970 86 879

Relatert innhold

Bygdekvinnelaget – møteplass for aktive kvinner

Bygdekvinnelaget er en pådriver for levende bygder. Vi kjemper for likestilling, folkehelse og et aktivt og inkluderende lokalmiljø. Vår historie spores tilbake til 1917. Vi har 11.000 medlemmer i 430 lokallag og 17 fylkeslag.