Gå videre til innhold
Margrethe Strømmen Fredheim og Bror Magnus Tødenes kjem til Opera Nordfjord i april
Margrethe Strømmen Fredheim og Bror Magnus Tødenes kjem til Opera Nordfjord i april

Nyhet -

Klassisk operagalla på vårturné

Opera Nordfjord skal endeleg ut på vegane igjen, med ny operagallaturné i april og konsertar i Palmehelga. Det er 15 år sIdan det sist operaen inviterte til operagalla med kjende og kjære operaperler, og både kor, orkester og solistar gler seg til å framføre dei vakraste favorittane i eit breitt utval

Det vert gjensyn med Margrethe Strømmen Fredheim, som mange huskar som Mimi i La Bohème i 2018, og tenoren Bror Magnus Tødenes frå Eiksund på Sunnmøre,  som er kjend for mange etter opptredenar på TV med KORK. 

Margrethe er i dag fast tilsett som solist ved Theater Kassel i Tyskland og har tidlegare arbeidd for Opera Erfurt og mellom anna hatt oppdrag for Glyndebourne. Bror Magnus har hatt ei imponerande rask karriere; han vann Renata Tebaldi-konkurransen i 2015 og har allereie gjort store roller både ved utanlandske operahus, Den Norske Opera & Ballett, Bergen Nasjonale Opera og Festspillene i Bergen. 

Michael Pavelich er fast dirigent og kormeister i Opera Nordfjord og gler seg til å dirigere eit spennande og variert operagallaprogram med noko for einkvar smak. Det KAN for eksempel hende at Slavekoret dukkar opp på repertoaret...

Det er berre å begynne å gle seg til sprudlande overtürer, dei vakraste ariane, dei mest kjensleladde duettane og mektige korsatsar! 

Spelestader vert Førdehuset fredag 8. april, Operahuset Nordfjord laurdag 9. april og Fosnavåg Konserthus søndag 10. april.

Billettsalet har opna  – velkomen til konsert!

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge