Gå videre til innhold
Komponist Helge Sunde
Komponist Helge Sunde

Nyhet -

Komponist Helge Sunde om musikken i Sildagapet.

Komponist Helge Sunde om korleis han har jobba med og kva som har inspirert han i prosessen med musikken i Sildagapet. 

Under garnfiske med faren kunne dei prate om laust og fast over motorduren, eller sitje heilt stille og pønske ut nye tema til maritime symfoniar. Eit av desse er med i operaen: ein melodi med eit stort sprang oppover, rulle over toppen og dukke ned igjen, så fjøre av i botnen og opp igjen, nett som ei bølgje. Men lyden av Nordfjord er meir enn båtmotor og bølgjeskvalp, her er rike musikktradisjonar og felles arv i kor, korps og spelemannslag, så både Nordfjordhallingen og Nordfjordvalsen havna fort på blokka over kva som skulle med. 

- Vi ville gjerne lage eit tidsbilde av ein epoke der musikken også er historisk og slik har populærmusikken frå femtitalet og fått sin plass i Turnhallen med både Ramona, My Bonnie og ein og annan Shanty. Jostein Avdem Fretland har servert meg ein god musikalsk tekst på sølvfat og eg har storkosa meg med «tonefangsten» og håpar silda vår fell i smak, seier Helge.  

Billettar kjøper du her: https://operanordfjord.no/billettar

Opera Nordfjord sitt tingingsverk Sildagapet - ein opera om havets sølv av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde handlar om det eventyrlege sildefisket i Måløy på 1950-talet. Brykkjete notbasar, Frelsesarmémøte, sjaulsi, ung kjærleik og Snurpedans i Turnhallen vert nokre av ingrediansane. Solistlaget er samansett av songarar med lokal og regional tilknyting og ein «gjestesolist» frå Nord-Norge.

Emner

Regions

Kontakter

Relatert innhold