SAMLAGET LANSERER HAUSTLISTA ONSDAG 14.8. KL 11
Samlaget inviterer til pressekonferanse på Litteraturhuset (Amalie Skram) onsdag 14.8. kl 11. Forlagssjef Håkon Kolmannskog presenterer haustlista.
Samlaget inviterer til pressekonferanse på Litteraturhuset (Amalie Skram) onsdag 14.8. kl 11. Forlagssjef Håkon Kolmannskog presenterer haustlista.
1. august lanserer Samlaget ein ny biografi om 200-års jubilant Ivar Aasen, skriven av Ottar Grepstad.
Patti Smith er no aktuell med si andre bok på norsk, "Sanka ull" (Woolgathering). Ho signerer den nye boka og den norske pocketutgåva av "Just Kids" på Tronsmo 29.6. kl 18.00.
Knut Aastad Bråten (37) er tilsett som ny redaktør i Syn og Segn. Han kjem frå stillinga som redaktør for bladet Folkemusikk, der han har arbeidd sidan 2007. Han er utdanna kulturhistorikar frå Universitetet i Oslo, er aktiv som musikar og bur i Valdres. Aastad Bråten overtek stillinga etter Bente Riise som har vore redaktør i sju år.
Sunniva Relling Berg som vart Brageprisnominert for si første ungdomsbok, "Utfor", følgjer no opp med ein ny ungdomsroman, "Beina i gitaren".
Karin Moe som er aktuell med den nye romanen "Virkeligheten" fekk i går kveld Doblougprisen 2013 under opninga av Litteraturfestivalen på Lillehammer.
Karin Moe som er aktuell med den nye romanen "Virkeligheten" fekk i går kveld Doblougprisen 2013 under opninga av Litteraturfestivalen på Lillehammer.
Aina Basso er nominert til Nordisk råds barnebokpris for "Inn i elden", ei historisk ungdomsroman med hekseprosessane i Finnmark som dramatisk bakteppe.
NRK-journalist Haugsbø får prisen for ein konsekvent, stringent og presis bruk av nynorsk
Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Forfattaren bak den nye biografien om Qvam, Magnhild Folkvord held føredrag på Litteraturhuset i Oslo (Kjellaren) 2.5. kl 19. Velkomen!
Nynorsk barnelitteraturpris 2012 vert tildelt Anna R. Folkestad for boka "Unni og Gunni reiser". Prisen er på 30 000 kroner og vert delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag i dag.
Magnhild Folkvord har skrive biografi om Fredrikke Marie Qvam, ein av dei leiande strategane for kvinneleg stemmerett.