Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Samlagets haustlansering 19.8. kl 17

    Velkomen til lansering av haustens bøker frå Samlaget!
    Onsdag 19.8. kl 17 på Ingensteds i Brenneriveien 9 (rett ved Blå)
    Smakebitar frå haustens bøker, fingermat og forfriskningar, musikk og dans. 
    Velkomen!
    Påmelding til m.hvamstad@samlaget.no innan torsdag 12.8.

  • Anonym italiensk forfattar på den norske bestseljartoppen

    Den anonyme italienske forfattaren med pseudonymet Elena Ferrante ligg på førsteplass på den norske bestseljarlista for sjette veka på rad med romanen Mi briljante venninne. Boka kom ut i mars til overstrøymande bokmeldingar;  "eksplosiv skildring", "full av livskraft og pulserende liv", "mesterforfatter", "moderne storverk", "besettende lesning", "brutal, vakker og nærgående skildring", "medriven

  • Nytt Syn og Segn ute

    Syn og Segn nr 2 er ute. Du kan lese om mellom anna dette:
    ARKITEKTUR: Kvifor har ferdighus vorte ein folkeleg suksess? Kva legg vi eigentleg i omgrepet smak? Og korleis skal vi forstå etikken bak estetikken? Gaute Brochmann, Ola Sendstad og Even Smith Wergeland ser arkitektur, etikk og estetikk frå ulike synsvinklar.
    SAMTALEN: «Før var eg meir oppteken av å vere smart og intelligent, kanskj

  • Jan Roar Leikvolls minnepris til Lars Petter Sveen

    Forfattar Lars Petter Sveen fekk i dag Jan Roar Leikvolls minnepris for forpå eit arrangement på Litteraturfestivalen på Lillehammer. 
    Frå grunngjevinga til juryen:
    "Vi har å gjere med ein original og ikkje minst modig prosaist som syner ein særmerkt vilje og evne til å gripe tak i flikar av kjent stoff og gjere dette til sitt eige. Dei bøkene prisvinnaren har bak seg til no, syner eit stort

  • "Fugletribunalet" av Agnes Ravatn kjem ut på engelsk

    Agnes Ravatns gjennombrotsroman «Fugletribunalet» frå 2013 er selt til det engelske forlaget Orenda Books. Forleggaren, Karen Sullivan, seier om boka at ho er  «svært gripande og ein intens litterær thriller», og at «dette er ein roman som vil trekke til seg ein brei lesarkrets». Den engelske omsettinga vil bli lansert våren 2016, og distribuert også i USA, Canada og Australia. Tidligare er roman

  • Nynorsk barnelitteraturpris til Lars Mæhle for "Dødeboka"

    ​Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2014 er Lars Mæhle med ungdomsboka Landet under isen. Dødeboka. "Mæhle har skrive ei rekke bøker for både barn, ungdom og vaksne innanfor ulike sjangrar. Juryen rettar merksemda mot den delen av forfattarskapen som rettar seg mot ungdom, og meiner at forfattaren skal ha heider for å ta dei unge som lesargruppe på alvor."

  • Skammarens dotter - internasjonal bestseljar blir nordisk storfilm

    No kjem Lene Kaaberbøls bestselgande fantasyserie som nordisk storfilm. Skammarserien er ein fantasy-serie på fire bøker skriven av den danske forfattaren Lene Kaaberbøl. Serien kom ut i 2000 og har seld over 500 000 eksemplar på verdsbasis. Bøkene er ute i 25 land. Samlaget gir no ut bøkene i nytt filmpocketformat for ein ny generasjon. Filmen har premiere i Norge 1. mai.

  • Elena Ferrantes «Mi briljante venninne» toppar vekas bestseljarliste

    «Mi briljante venninne» er første band i Ferrantes mykje omtalte Napoli-kvartett som handlar om venninnene Elena og Lila, som veks opp i Napoli etter 2. verdskrig. "Ferrantes Napoli-kvartett er moderne romankunst på sitt beste. At «Mi briljante venninne» ligg på salstoppen seier det meste om norske lesarar", seier administrerande direktør i Samlaget, Edmund Austigard.

  • PJ Harveys nye bok på norsk i oktober

    Samlaget gir ut PJ Harveys nye bok, The Hollow of the Hand på norsk til hausten, i omsetjing av Gunnhild Øyehaug og Pedro Carmona Alvarez. Boka vert lansert samstundes i USA, Storbritannia, India, Australia, Mexico og Noreg. 
    The Hollow of the Hand, som er ei samling dikt og fotografier, er eit samarbeid mellom PJ Harvey og fotograf Seamus Murphy.
    Redaktør Kjersti Instefjord i Samlaget tok u

  • Alfred Andersson-Ryssts pris 2015 går til Eivør Pálsdóttir

    ​Alfred Andersson-Ryssts pris går i år til Eivør Pálsdóttir, songar og komponist frå Færøyane. Prisen går annakvart år til ung, lovande nynorskforfattar, og annakvart år til personar eller prosjekt som aukar kultursamarbeid mellom Norge og Færøyane eller Norge og Island.

  • Hulda Garborg-stipendet 2015 til Unn Vibeke Hol

    Hulda Garborg-stipendet for 2015 går til Unn Vibeke Hol, skodespelar ved Det Norske Teatret. "Dette er ei kvinne med lang fartstid på Det Norske Teatret. Ho blei tilsett på teatret i 1974, rett etter at ho kom ut frå Statens teaterskole. Sidan har ho hatt meir enn 80 roller på dette teatret som dekker eit svært breitt lerret frå ei ung Julie til ein litt eldre Nasse Nøff."

  • Annemarta Giske er tildelt Alf Hellviks mediemålpris 2015

    Annemarta Giske (38) er sportsanker i TV2 og får prisen for å vere ein språkmedviten journalist og nynorskbrukar gjennom alle sine år som journalist. Giske held på nynorsk i ein bokmålsdominert redaksjon, og innanfor eit stoffområde prega av bokmål og dialekt. Ho er eit viktig språkleg førebilete og brukar ein normert nynorsk både i opplesing og intervjusituasjonar.

Vis mer