Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Boka om Lothepus kjem i september

    Samlaget lanserer boka om Lothepus i slutten av september. Finn Tokvam er forfattar.
    «Går det til helvete, så går det til helvete!»
    «La kvinnfolk vere kvinnfolk, og mannfolk vere mannfolk.»
    «Det går viss du er tøff nok i trynet. Alt går!»
    Leif-Einar Lothe, betre kjent som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet. Hardhausen frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk

  • Storegutprisen til Kristin Sørsdal

    Forfattaren og omsetjaren Kristin Sørsdal får årets Storegutpris for omsetjinga av Elena Ferrantes Napoli-kvartett. Ho tek imot prisen på Litteraturdagane i Vinje 26. august.
    Litteraturdagane i Vinje deler kvart år ut «Storegutprisen». Det er ein pris som skal gå til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rommet. Juryen

  • Frå kjernefysikk til kommunereform - nytt nummer av Syn og Segn ute no!

    Syn og Segn har levert sakprosa i 123 år og fornyar seg stadig. I den nye utgåva er det temasider om barneoppdraging, stor samtale med feminist og politikar Shukria Barakzai, tekstar om kommunereform, intervju med Marina Litvinenko og tankar om redselen for å sparke nedover. Og mykje meir!
    BARNEOPPDRAGING: Vi lever i eit kontrollsamfunn der vi har vanskar med å stole på den ibuande klokskapen i

  • Ny ungdomsroman frå Marit Kaldhol

    Sterkt og sårt om ungdomstid 
    Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.
    Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han

  • Ny roman frå Kristin Sørsdal; om menneske på flukt og dei som tek dei imot.

    Kristin Sørsdal, mest kjend som Elena Ferrantes norske omsetjar, er klar med sin tredje roman, "Mare", som utforskar maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa.
    Om boka: Solveig går i land på øya Lampedusa som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på

  • Lars Mæhle med ny kriminalroman!

    Intens krim om eit mørkt kapittel i norsk historie
    Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å

  • Ingunn Thon debuterer med sprelsk barneroman!

    Spennande, gripande og morosam barneroman

    I ei tid der mange barn lever med nye familiekonstellasjonar med mine, dine og våre, skriv Thon gripande og morosamt frå barnets perspektiv.
    - Eg ville skrive om opplevinga rundt ein ny familiekonstellasjon fordi det er mange barn i dag som må takle det. Eg håpar dei kan finne trøyst og forståing i Ollis og hennar situasjon, seier Thon.
    For

Vis mer