Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Olaug Nilssen aktuell med ny roman; "Tung tids tale"

    Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi o

  • Boklansering "Nesten menneske. Biografien om Julius" av Alfred Fidjestøl

    Nesten menneske er biografien om Noregs mest kjende dyr, sjimpansen Julius. Boka skildrar eit dramatisk liv, og er samstundes ei sterk historie om forholdet mellom dyr og menneske. Fleire utanlandske forleggarar er interesserte i boka, og m.a. har det kanadiske forlaget Greystone kjøpt rettane til den engelske utgåva, som kjem til våren.
    Sjimpansen Julius fekk ein vond start på livet. Avvist av

  • Ny bok frå Atle Hansen om utanforskap

    Direkte og innsiktsfullt om utestenging og forelsking
    – Du er eit apetryne, Arne, eit ekkelt apetryne. Me kan ikkje vera saman med slike som deg! Me vil ikkje ha deg her lenger!»
    Med Apetryne har Atle Hansen skrive ei sterk bok om det å vere utanfor, vere venner og vere forelska, og om å bli sett av den du ønskjer skal sjå deg.
    Utgangspunktet for boka var ei hending i Hansen si eige ungd

  • Jan H. Landro med ny bok; "Frå Nora til Karl Ove og 84 andre personar i norsk litteratur"

    Denne boka er ei skattkiste for alle som er glade i god litteratur. Kulturjournalist Jan H. Landro portretterer og skildrar korleis 86 oppdikta personar tenkjer og handlar i nokre av dei beste norske bøkene gjennom tidene, frå den norrøne sagalitteraturen og opp til dagens «verkelegheitsromanar».
    Her får du møte sagaens Gunnar frå Lidarende, Askeladden, Wergelands Stella og Petter Dass. Du kan

  • Alf Kjetil Walgemo aktuell med "Røff guide til Bibelen"

    Boka for alle som treng å friske opp att bibelkunnskapane sine, og dei som aldri har opna ein bibel.
    Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot Goliat? Kva er opphavet til uttrykket «heile sulamitten»? Og visste du at det var Jesus som først bad oss om å ikkje kaste perler for svin?
    Bibelen er den mest selde boka i verda. Bibelen er både heilag tekst og ein litterær triumf – utgangspunktet

  • Amalie Skram-prisen til Marit Eikemo

    Forfattar Marit Eikemo får årets Amalie Skram-pris som går til ein kvinneleg skjønnlitterær forfattar som skriv i Skrams and. Prisen er eit reisestipend på 25 000. Tidlegare prisvinnarar er m.a. Herbjørg Wassmo, Linn Ullmann, Merethe Lindstrøm og Vigdis Hjorth. 
    Frå grunngjevinga til juryen: 
    "Som Amalie Skram er Marit Eikemo en sannhetssøkende forfatter. Som Skram, er Eikemo opptatt av hva

  • Haustlista 2017 frå Samlaget; Elena Ferrante, Olaug Nilssen, Maria Parr, Agnes Ravatn m.fl

    På den rikhaldige haustlista til Samlaget finn du ei ny barnebok frå Maria Parr; "Keeperen og havet", som allereie er seld til ti land. Forlaget held fram med å gje ut Elena Ferrantes bøker på norsk, og "Den dunkle dottera" frå 2006 er no kome ut til strålande meldingar frå kritikarane. Boka er omsett av Kristin Sørsdal. Det er stor interesse for Alfred Fidjestøls biografi om sjimpansen Julius; "N

  • Linda Klakken aktuell med bok om den første store forelskinga!

    Underhaldande og intenst om kjærleik
    I den første barneboka til Linda Klakken møte me Klara. Ho synes at kjærleiken er noko drit. At faren Frode ikkje har nokon ny kjærast, er også eit problem. For å gjere noko med dette skriv Klara eit falskt kjærleiksbrev som ho legg i postkassene til dei einslege damene i nabolaget – og kjem opp i ei rekkje uventa og pinlege situasjonar. Men kven er ho sjølv

  • Kari Stai med klok bok om det som rører seg i hovudet

    Vakker og klok bok om det som rører seg i hovudet vårt av fantasi og tenkte katastrofar
    - Eg ønskjer å formidle til barna, at fleire enn dei kan ha krevande tankar. Og at tankar kan delast, for da blir dei ikkje så tunge. At tunge tankar sprekk når dei kjem i sola, som trolla gjer, seier Kari Stai. 
    I boka Tankespinn møter me Ada. Ho er god til å fantasere, og med fantasien tek Ada både seg

Vis mer