Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny bok om radarparet Jakob og Neikob!

    Femte bok om det prisvinnande radarparet Jakob og Neikob!
    - Neikob, er du lei deg?
    - NEI, eg er lei MEG, svarer Neikob. - Eg vil bli som Alle Andre.
    - Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.
    - NEI. Blir du med og finn han?
    - JA, svarer Jakob.
    Jakob og Neikob leitar etter Alle Andre på bussen, i havet og i verdsrommet. Til slutt finn dei han på planeten Uno. Der er det også ei

  • Irene Ahnéll debuterer med morosam bildebok om leggetid

    Morosam bildebok om leggjetid!
    Klara får ikkje sove. Ho gjer alt ho kan for å få det til, som å drikke litt ekstra vatn, ta ein ekstra tur på do og prøve å få mamma til å syngje endå ein nattasong. Men same kva Klara gjer, er ho like pling vaken.
    Og det blir ikkje enklare når monsteret i skåpet heller ikkje får sove!
    Boka er illustrert av Elisabeth Moseng. 
    18.08 blir det lanseringsfes

  • Brigands MC endeleg i norsk omsetjing

    Den ellevte boka i CHERUB-serien er endelig i norsk omsetjing! 
    Alle CHERUB-agentar har ein bakgrunn. Dante Scott slit enno med mareritt om den gongen familien hans døydde. Dei blei brutalt drepne av ein motorsykkelgjeng. 
    Dante får sjansen til å bli med i CHERUB, få ei solid opplæring og bli ein profesjonell agent. CHERUB-agentane har ein stor fordel: Vaksne får aldri mistanke om at barn og

  • Ny bok av Patti Smith på norsk

    I den nye boka "Om å skrive" (Devotion) fortel Patti Smith om sin eigen kreative prosess og om kva som inspirerer henne. Ho deler generøst med lesaren frå dei notata ho tek på kafeen eller på toget, og lèt oss få eit unikt innblikk i kunsten sin og skapinga si.
    Smith tek lesaren med på  fleire reiser, mellom anna til Sør-Frankrike og Camus sin heim, og til forleggjaren Gallimard sin hage der vi

  • Hovudverk i skandinavisk romankunst no ute på norsk

    «Eg skriv til dykk frå ei anna verd.» Med desse orda opnar Andrzej Tichý sin mest ambisiøse roman hittil, Kairos. Gjennom ein vev av stemmer går han inn i kritiske punkt i historia og utforskar opprøret og avmakta, håpet og fortvilinga, utopien og dystopien.
    Kairos er eit hovudverk i nyare skandinavisk romankunst, ein treffande sivilisasjonskritikk som verkar eksplosiv og utfordrande.I samband

  • Hilde Myklebust med ny diktsamling

    Frå ein gard i ein fjelldal spring dikta til Hilde Myklebust ut. Dei dreier rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon i ei lekkje som strekkjer seg langt attende i tid. I eit konkret og biletsterkt språk fortel dei om garden som ein stad som ser liv komme og gå. Dei som har levd før, er alltid til stades. I steingardar og bygningar, landskap og marker,

  • Ny diktsamling med ode til havren

    Agnes Denes (f. 1931) er ein amerikansk konseptkunstnar og pioner innan økologisk land art. Våren 1982 sådde ho installasjonen Wheatfield – ein konfrontasjon – ein åker med åtte mål kveite på ein fyllplass rett ved World Trade Center på Manhattan.
    Å så og hauste ein kveiteåker på eit jordstykke verdsett til 4.5 milliardar dollar skapte eit kraftfullt paradoks. Hendingane den 11. september 2001

  • Ny novellesamling frå Solfrid Sivertsen

    Solfrid Sivertsens nye noveller er sterke og lågmælte, med ein dramatikk som syd under overflata. Nokre av dei har synsvinkelen til barn: ein busstur vekk frå ein alkoholisert far, eit sakn etter ein stefar som er forsvunnen, ei veslesøster som har drukna, ei linje frå ei historie som har sett seg fast i hovudet. Andre noveller krinsar rundt minne som dannar utgangspunkt for historier om eit heilt

  • Sumaya Jirde Ali, Camara Lundestad Joof og Kristin Fridtun med nye bøker om norsk røyndom

    Sumaya Jirde Ali, Camara Lundestad Joof og Kristin Fridtun er alle aktuelle med bøker i Samlagets nye serie Norsk Røyndom. I serien Norsk røyndom skriv utvalde forfattarar om den norske samtida. Viktige tema vert presentert i kort format, med eit personleg utgangspunkt.
    Lansering 11. juni kl 19 på Bortenfor, Brenneriveien 7 i Oslo. FB-arrangement her: https://www.facebook.com/events/17284323021

  • ​Åtte amerikanske samtidspoetar for første gong utgitt på norsk

    Denne boka presenterer åtte unge, tonegivande samtidspoetar som har vakse opp i dagens USA etter 11. september 2001. Denne generasjonen lèt seg ikkje så lett setje i bås. Dei speglar alle tida dei lever i, men tek opp i seg element frå ulike tradisjonar og stilretningar, frå hiphop og slam til meir akademisk og essayistisk orientert poesi. Det handlar om både kjønn, rase og identitet, på måtar som

  • Nynorsk litteraturhistorie for første gong

    Endeleg kjem storverket om nynorsk skjønnlitteratur, frå Ivar Aasens tid til i dag. Jan Inge Sørbø står bak Nynorsk litteraturhistorie der over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd. Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til

  • Flåm skule vann 1. premien under Nasjonalt digitalt lesedøgn!

    Onsdag 25. april gjekk Nasjonalt digitalt lesedøgn av stabelen. 200 skular og nesten 10 000 elevar var påmelde, og frå onsdag til fredag las elevar over heile landet til saman meir enn 700 000 sider i nynorske barnebøker! Det vart trekt ut vinnarar blant alle grupper som hadde lese meir enn 100 sider i snitt per elev, og 4. trinn på Flåm skule vann den gjæve 1. premien, som er 15 iPadar.
    – Eg t

Vis mer