Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Marit Kaldhol aktuell med ny bok; "Mjølketannmuseet"

    Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen

  • Skolebibliotekarforeningens litteraturpris til Maria Parr

    Skolebibliotekarforeningens litteraturpris går i 2018 til Maria Parr for hennar barne- og ungdomsbøker. 
    Prisen vart delt ut i dag i Fredrikstad under litteraturfestivalen "Ord i grenseland". 
    I grunngjevinga til juryen står mellom anna dette: 
    "Parrs fortellinger legges til ei lita bygd ved en fjord – et miljø som hun kjenner godt fra sin egen oppvekst. Bøkene preges av en stor respekt o

  • Kristin Auestad Danielsen aktuell med romanen "Vår vesle"

    Mari er 30. Ho har tilsynelatande alt på stell. Likevel flyttar ho inn i kjellarleilegheita til foreldra etter studietida. Er livet blitt for mykje for henne? Er det tida som ikkje strekk til? Er det strevet etter perfeksjon eller er det ei manglande evne til å finne jamvekt i livet? Vår vesle er ein roman om å flytte heim, starte på nytt og om saknet etter det som aldri blei noko av.
    Teaterver

  • Prisvinnande duo aktuell med "Mørkt"

    Originalt om å vere mørkeredd!
    Dag er redd for å bli borte i mørkeret, han held seg vaken så lenge han kan. Men denne kvelden byrjar mørkeret å bråke. Det kjem nærare og nærare, og brått er Dag midt inne i ein bekmørk tornado. I mørkeret møter han Natalia, og motet.
    Den prisvinnande duoen Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby har igjen skapt ei eksplosiv forteljing med eit kjenslevart utga

  • Åsmund Husabø Eikenes aktuell med "Sprut. Historia om kroppsvæskene våre"

    Eit kyss, ein blodprøve og ei tåre blir aldri det same!
    Bli med på ei spektakulær reise gjennom blod, sveitte og tårer - og 50 andre kroppsvæsker.
    Biolog og forskingsformidlar Åsmund Husabø Eikenes fortel entusiastisk om donering av beinmerg til forsking og spyttar i eit plastrøyr for å leite etter spor av neandertalarane. Gjennom gode historier og lettlesen folkeopplysing får du eit nytt s

  • Ruth Lillegraven med ny diktbok for barn

    Prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven er tilbake med ei ny diktsamling for barn
    høyr!
    kviskrar stien
    hausten spring
    gjennom skogen
    stel sommaren
    og kjem med
    vinteren
    og sjå!
    gule lauv ligg og
    lyser på bakken
    det er gullmyntar
    som hausten har
    strøydd ut
    Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei

  • Randi Fuglehaug aktuell med "Skalla"

    Ei annleis bildebok om å vere sjuk
    Den første dagen Iben er på sjukehuset, møter ho Skalla-Malla. Ho vil vise Iben rundt, og saman dreg dei til hemmelege og magiske rom. Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk?
    Skalla er ei bok om godteriblomstrar, diskodans og magien som kan oppstå i nye vennskap.
    Randi Fuglehaug (f. 1980) kjem frå Voss og er busett i Oslo. Ho er frilansjournalist og h

  • Peikebøkene om Pål er tilbake

    Endeleg er dei kjende og kjære bøkene om Pål tilbake! 
    Bøkene om Pål er klassikarar og barnas favoritt. No relanserer Det Norske Samlaget dei i alt ti bøkene i ny innpakning til glede for nye lesarar. 
    Barbro Lindgren (f. 1937) er ein svensk forfattar kjend for sine populære barne- og ungdomsbøker, mellom anna bøkene om Benny og om Den ville ungen. I 2014 vann Lindgren den største barnebokpr

  • Atle Hansen aktuell med "Klure"

    Lettlesen og spennande bok for mellomtrinnet!
    «Kva er ei klure?» spør eg.
    «Ein som klurer til alt mogleg.
    Ein som ikkje får til noko med hendene.
    Ei kløne, ein slik som deg, Jensemann», seier pappa og ler.
    Jens er ei kløne. Stundom tenkjer han at han er den minste som finst. Særleg når han blir plaga av Magnus. Då blir det bråk. Til slutt blir det nesten ein kamp på liv og død. Men

  • Ny ungdomsroman frå Lars Mæhle

    Slagkraftig ungdomsroman!
    William og Samuel gav seg fader ikkje heller. Dei snøfta og slo og dundra laus. Nevane hamra og hamra. Dei var langt inne i ein sinnssvak rus av sprit og raseri. Det verste var at eg godt visste kva for tilstand dei var i. I eit mørke bortanfor alt. Der ein har gløymt alle reglar og all folkeskikk.
    16 år gamle Simon har blitt flytta til ein ny fosterheim i ein liten

  • Ollis av Ingunn Thon seld til engelsk forlag

    Ollis av Ingunn Thon seld til engelsk forlag
    Interessa for Ingunn Thon si debutbok Ollis held fram. Evy Tillman i Oslo Literary Agency fortel at dei nett har avslutta forhandlinga med det engelske forlaget Wacky Bee Books.
    - Ingunn Thons strålande litterære debut Ollis blei i rekordfart seld til fleire land. At boka no også skal ut i ein av verdas viktigaste bokmarknadar, er stort. Ein engel

  • 8 nye titlar inn i Leseland

    Det Norske Samlaget fyller på med 8 nye lettlesbøker i serien Leseland. 
    - I haust er det nivå tre og fire som har fått etterlengta påfyll, med titlar som spenner vidt, frå ponnihistoriar og redningsaksjonar til forteljingar om vennskap og rakettar, fortel redaktør Elen Betanzo. 
    - Og ikkje minst får vi møte den stakkars Heksa Galla som er livredd for barn. Og kva skal ho gjere med det, då?

Vis mer