Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Martin Ingebrigtsen debuterer med diktsamlinga "Riv av seg ansiktet"

    I Martin Ingebrigtsens debutbok kjem gudar og spøkelse på besøk. Dei hermar etter vertane: Dei slaktar, lagar mat og et, dei myrdar og stiftar brann, dei kjøpslår, døyr og gjenoppstår, skiftar form. Temaet for denne burleske handlinga er likevel allmennmenneskeleg: Korleis formar menneska kvarandre, korleis øydelegg vi kvarandre, korleis er vi avhengige av kvarandre? Dikta gir ingen tydelege svar,

  • Sigmund Løvåsen ute med ny diktsamling; "Med øksene dei haustar inn"

    Kulturlandskap, jord- og skogbruk er ramma for tekstane i Sigmund Løvåsens første diktsamling. Det handlar om å dyrke, så og hauste, om menneska som formar landskapet, og landskapet som formar menneska. Frå kvardagslege observasjonar av skogsarbeid, gards- og familieliv strekker tekstane seg langt i både tid og rom: Vi møter eika som har vandra oppover Europa gjennom tusenvis av år, og vi møter li

  • Ny bok om å føde i Noreg; "Alt vel med mor og barn" av Randi Fuglehaug

    I alt vel med mor og barn. Historier om fødsel av Randi Fuglehaug fortel 46 kvinner frå Sørlandet til Svalbard om å føde på vegen, i lufta og til sjøs, om å plukke ti liter molter mens riene herjar, klatre over ras på veg til sjukehus og presse ut ein unge utan å vite at ein var gravid. Dei deler historier om å setje barn til verda midt i ein krig, føde utan straum under ein orkan, kjempe mot smer

  • Ny samling med Jan-Magnus Bruheim sine barnedikt

    Dikt i samling – med heilt nye illustrasjonar
    Syskenringen
    Ei natt då eg låg og drøymde,
    drøymde eg om eit band.
    Eit band som gjekk over alle
    grenser, og alle land.
    Ein drøymer så mangt. Men undren
    vart eg vel då eg fekk sjå
    at dette eg trudde var eit band
    tok til å livne – og gå.
    Då såg eg tusentals hender
    hekta i hop til eit band
    som gjekk over alle grenser

  • Marit Kaldhol aktuell med ny bok; "Mjølketannmuseet"

    Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen

  • Skolebibliotekarforeningens litteraturpris til Maria Parr

    Skolebibliotekarforeningens litteraturpris går i 2018 til Maria Parr for hennar barne- og ungdomsbøker. 
    Prisen vart delt ut i dag i Fredrikstad under litteraturfestivalen "Ord i grenseland". 
    I grunngjevinga til juryen står mellom anna dette: 
    "Parrs fortellinger legges til ei lita bygd ved en fjord – et miljø som hun kjenner godt fra sin egen oppvekst. Bøkene preges av en stor respekt o

  • Kristin Auestad Danielsen aktuell med romanen "Vår vesle"

    Mari er 30. Ho har tilsynelatande alt på stell. Likevel flyttar ho inn i kjellarleilegheita til foreldra etter studietida. Er livet blitt for mykje for henne? Er det tida som ikkje strekk til? Er det strevet etter perfeksjon eller er det ei manglande evne til å finne jamvekt i livet? Vår vesle er ein roman om å flytte heim, starte på nytt og om saknet etter det som aldri blei noko av.
    Teaterver

  • Prisvinnande duo aktuell med "Mørkt"

    Originalt om å vere mørkeredd!
    Dag er redd for å bli borte i mørkeret, han held seg vaken så lenge han kan. Men denne kvelden byrjar mørkeret å bråke. Det kjem nærare og nærare, og brått er Dag midt inne i ein bekmørk tornado. I mørkeret møter han Natalia, og motet.
    Den prisvinnande duoen Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby har igjen skapt ei eksplosiv forteljing med eit kjenslevart utga

  • Åsmund Husabø Eikenes aktuell med "Sprut. Historia om kroppsvæskene våre"

    Eit kyss, ein blodprøve og ei tåre blir aldri det same!
    Bli med på ei spektakulær reise gjennom blod, sveitte og tårer - og 50 andre kroppsvæsker. Biolog og forskingsformidlar Åsmund Husabø Eikenes fortel entusiastisk om donering av beinmerg til forsking og spyttar i eit plastrøyr for å leite etter spor av neandertalarane. Gjennom gode historier og lettlesen folkeopplysing får du eit nytt syn p

  • Ruth Lillegraven med ny diktbok for barn

    Prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven er tilbake med ei ny diktsamling for barn
    høyr! kviskrar stien
    hausten spring gjennom skogen stel sommaren og kjem med vinteren
    og sjå!gule lauv ligg og lyser på bakken
    det er gullmyntar som hausten har strøydd ut
    Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å r

  • Randi Fuglehaug aktuell med "Skalla"

    Ei annleis bildebok om å vere sjuk
    Den første dagen Iben er på sjukehuset, møter ho Skalla-Malla. Ho vil vise Iben rundt, og saman dreg dei til hemmelege og magiske rom. Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk?
    Skalla er ei bok om godteriblomstrar, diskodans og magien som kan oppstå i nye vennskap.
    Randi Fuglehaug (f. 1980) kjem frå Voss og er busett i Oslo. Ho er frilansjournalist og h

  • Peikebøkene om Pål er tilbake

    Endeleg er dei kjende og kjære bøkene om Pål tilbake! 
    Bøkene om Pål er klassikarar og barnas favoritt. No relanserer Det Norske Samlaget dei i alt ti bøkene i ny innpakning til glede for nye lesarar. 
    Barbro Lindgren (f. 1937) er ein svensk forfattar kjend for sine populære barne- og ungdomsbøker, mellom anna bøkene om Benny og om Den ville ungen. I 2014 vann Lindgren den største barnebokpr

Vis mer