Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Nytt verk om Kjartan Fløgstad sitt forfattarskap

    I Fløgstad verk nyttar litteraturforskaren Heming Gujord eit uvant, men overtydande grep når han leverer den mest omfattande analysen og kritiske gjennomgangen av dei hittil 51 bøkene i Kjartan Fløgstads mangfaldige forfattarskap.
    Gujords informative nærlesing viser fram dei lange linjene, men løfter også fram brota og litteraturpolitiske inkonsekvensar i Fløgstads teori og praksis.
    Framstil

  • Folkekjære søsken inn på bestseljarlista

    Boka Søsken til evig tid av Ivar Myklebust Longvastøl ligg på tredjeplass på bestseljarlista og har eit samla opplag på 20 000. Oddny og Magnar Kleiva vart kjende gjennom to dokumentarfilmar som vart svært populære, og som er er sett av nesten to millionar. Søskenparet treff noko heilt spesielt i den norske folkesjela. Dei har levd heile livet på eit småbruk i Naustdal i Sunnfjord. Dei lever tett

  • Ottar Grepstad aktuell med boka "Skriftkultur"

    Ottar Grepstad er aktuell med boka Skriftkultur. Tidssignal frå det 21. hundreåret.
    Gjennom tjue år som leiar for Nynorsk kultursentrum har Ottar Grepstad vore den fremste talsmannen for nynorsk i det offentlege Noreg. Han har vore ein institusjonsbyggjar og ein nasjonal strateg for nynorsk skriftkultur.
    Både som forleggar og forfattar har Grepstad vore ein sentral våpendragar for auka merks

  • "Når landet mørknar" av Tore Kvæven nominert til Brageprisen

    Tore Kvævens episke roman med handling frå Grønland, Når landet mørknar,  er nominert til Brageprisen i kategorien skjønnlitteratur. Boka som kom ut i mars vart kalla eit mesterverk av kritikarane og fekk gjennomgåande svært gode meldingar. 
    Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barenboka Kameljegeren (2013). Når la

  • Samlagsprisen 2018 til Astrid Sverresdotter Dypvik

    Samlagsprisen for 2018 går til Astrid Sverresdotter Dypvik
    Astrid Sverresdotter Dypvik (født i 1977) og er journalist og historikar. Dypvik får prisen for bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012), og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017). 
    Samlagsprisen er på 50.000 kr.
    I grunngjevinga for tildelinga skriv juryen dette: 
    "Det var DDR. Forteljingar om eit

  • Boklansering - "Brev til Noreg" av Mona Ibrahim Ahmed og Hilde Sandvik

    Etter ti år i Noreg fekk Mona Ibrahim Ahmed brev frå den norske stat med avslag på søknad om å bli norsk statsborgar. Brev til Noreg er hennar svarbrev, ført i pennen av Hilde Sandvik. 
    Då somaliske Mona Ibrahim Ahmed var 16, tok ho eit modig val. Ho ville bestemme over sitt eige liv. Det kosta henne dyrt og gjekk ut over forholdet til familien og miljøet ho kom frå. Etter ti år i Noreg, fekk h

  • Pia Strømstad og Trond Bredesen tek deg med på "10 ville ekspedisjonar"

    Neil Armstrong var førstemann på månen. Ellen MacArthur segla jorda rundt heilt åleine gjennom storm og bølgjer. Og ingen har vore så djupt nede på havbotnen som James Cameron.
    Kva er det som får folk til å reise til stader der ingen før har vore? Til å klatre høgast, dykke djupast, leggje i veg inn i område som er kalde, våte, farlege, utan å vere sikre på om dei nokon gong vil klare å vende a

  • To nye bøker om og med Sissel Solbjørg Bjugn

    Samlaget lanserer to bøker om og med Sissel Solbjørg Bjugn (1947-2011). Bjugn var poet, barnebokforfattar, illustratør, radikal religiøs og samfunnsengasjert. Bjugn var ein nyskapande forfattar og fornyar av den norske surrealismen. I Skrive, teikne, røre og slåst! Av og om Sissel Solbjørg Bjugn teiknar Tor Eystein Øverås eit portrett av henne basert på eit rikhaldig arkiv og intervju med personar

  • Kva gjer det med gudstrua å miste eit barn? Alf Kjetil Walgermo med ny bok.

    I Du som er i himmelen går Alf Kjetil Walgermo i møte med dei store spørsmåla. Etter å ha mista eit barn rett før fødselsterminen blei han og kona kasta inn i eit eksistensielt mørke. Går det likevel an å tru på ein god Gud? Å tru på ein Gud i det heile?
    Kva gjer det med gudstrua når ein mistar eit barn? Å skrive om eiga tru er i ein viss forstand å kle seg naken. Kristen tru er verken eit para

  • Tharaniga Rajah debuterer med mørk dystopi frå Sameland

    Tharaniga Rajah debuterer med ein dystopisk roman om kampen for ein samisk stat. I romanen Det er lenge til skumring har Noreg har utsett samane for etnisk utreinsking. Raisa tek med dottera Násti til Finnmark. Der blir dei del av ein samisk fellesskap, som bygger ein samisk stat. Men snart blir den nye staten angripen av nabolanda, og Raisa må kjempa for å verna det nye landet sitt og dottera.

  • Tett på søskenparet frå Kleiva i ny bok; "Søsken til evig tid"

    Ei reise 50 år tilbake i tid!
    Filmane om Oddny og Magnar på Kleiva er sett av nesten to millionar. Dei har levd heile livet på eit småbruk i Naustdal i Sunnfjord. Dei lever tett på dyra og naturen. Å komme til småbruket på Kleiva er som å reise 50 år tilbake i tid. Oddny og Magnar driv garden på gamlemåten. Livet på garden følgjer årstidene og onnene. 
    Journalist Ivar Myklebust Longvastøl te

Vis mer