Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Jon Fosse kan vinne Den internasjonale Booker-prisen

    Jon Fosse er nominert til Den internasjonale Man Booker-prisen for første band i Septologien, Det andre namnet som kom ut i fjor haust. Prisen er ein av verdas mest prestisjefylte litterære prisar og vert delt ut til den beste skjønnlitterære boka omsett til engelsk i fjor. Vinnaren vert kåra 19.5. Prisen er på 60 000 pund. Tidlegare har berre ein annan norsk forfattar vore nominert til denne pris

  • Ungdomsbok om nakenbilde på avvegar

    "Ser du dette?" handlar om eit nakenbilde som blir spreidd på nettet. Om å gi hjartet sitt til ein som tråkkar det i tusen knas. Om å vere 15 år og tore å stole på nokon igjen.

  • Beyonces favorittpoet, kritikarroste Warsan Shire, no omsett til norsk

    Den kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga Eg lærer mor mi å føde i 2011 – også superstjerna Beyonce, som siterer Shire på albumet Lemonade frå 2016. 28.2. lanserer Samlaget diktsamlinga på norsk. ​​Boka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet. Dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar

  • Claudia Rankine med ny bok om å kjenne rasismen på kroppen

    28.2. lanserer Samlaget Claudia Rankines dramastykke Det kvite kortet. Kvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte, privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen? Dette er sentrale spørsmål i Claudia Rankine sitt nye stykke.​​​Ekteparet Virginia og Charles, to kvite

  • Marit O. Kaldhol aktuell med ny roman med handling frå Chile

    Marit O. Kaldhol er aktuell med boka Ta først på di eiga maske. Romanen er ei forteljing om nære relasjonar – om kjærleik mellom unge menneske og om relasjonen mellom mor og dotter. Samstundes har boka eit utoverretta blikk mot politikk og samfunn, særleg mot Chile.
    Romanen følger Rut på ei reise til Chile i 2017. Ho er på leit etter fortida. Endeleg skal ho bli kjent med landet til ungdomskjæ

  • Ellen Kristvik aktuell med bok om dotteras sjølvmord

    21.2. lanserer Samlaget Ellen Kristviks Notat ved avgrunnen. Ei mors forteljing. Boka tek utgangspunkt i ei personleg hending: Kristvik opplevde å mista sitt einaste barn då dottera tok livet sitt.
    I Notat ved avgrunnen blir vi kjende med Kristviks dotter Johanna som barn og ung. Lesaren får glimt inn i livet hennar til ulike tider. Kristvik vekslar mellom sorguttrykk, retrospektive glimt f

  • Ny bok frå Elena Ferrante

    10.2. lanserer Samlaget Eit år med Elena Ferrante. Boka er ei samling av artiklar frå Elena Ferrante, og gir oss innsikt i tankane til ein av dei mest anerkjende og bestseljande forfattarane i vår tid. Ho skreiv tekstane til ei fast helgespalte i The Guardian gjennom eit år.
    Ferrante skriv personleg og jordnært om røynda vi lever i; om alt frå sitt første kyss til kvinnefellesskap, frå plantev

  • Bok om kroppsvæsker selt til utgjeving på engelsk

    Det New York-baserte forlaget Skyhorse har kjøpt dei engelske rettane til boka Sprut. Sanninga om kroppsvæskene våre av Åsmund H. Eikenes. Den amerikanske utgåva kjem ut til sommaren.
    I boka skriv Eikenes om blod, sveitte og tårer – og 50 andre kroppsvæsker. Gjennom gode historier og lettlesen folkeopplysing får ein eit nytt syn på kroppsvæskene sine.
    Åsmund H. Eikenes (f. 1986) er biolog og

  • Endeleg eit nynorsk retteprogram som fungerer

    Saman med Tansa har Samlaget laga eit nytt nynorsk retteprogram. Retteprogrammet tek utgangspunkt i ordboka Enkel nynorsk ordliste. Programmet søker etter feil og inkonsekvent språk, og rettar teksten for deg. Aldri har det vore enklare å skrive korrekt nynorsk.
    Lingofy med Enkel nynorsk ordliste er eit viktig hjelpemiddel for alle som treng å skrive nynorsk, til dømes journalistar og tilsette

  • Sensasjonen Gloria Gervitz' unike livsverk ute på norsk

    Med det poetiske prosjektet Migrasjonar 1976-2020 er den meksikanske forfattaren Gloria Gervitz endeleg i norsk omsetjing. I februar kjem Gervitz til Noreg på turné. 
    Turnédatoane til Gervitz er som følgjer: Litteraturhuset i Lillehammer 4.2., Litteraturhuset i Oslo 5.2., Litteraturhuset i Bergen 8.2. og Litteraturhuset i Trondheim 10.2.
    Migrasjonar 1976-2020 er eit unikt livsverk og eit av

Vis mer