Gå videre til innhold
Agnes Ravatn kan vinne internasjonal pris

Pressemelding -

Agnes Ravatn kan vinne internasjonal pris

Agnes Ravatn kan bli den første norske forfattaren til å vinne den internasjonale Dagger-prisen. Ravatn er blant dei fem finalistane til årets beste krimroman omsett til engelsk.

Ravatn er nominert for den siste romanen sin, Dei sju dørene, som blei utgitt på engelsk med tittelen The Seven Doors i 2020.

Ravatn er den tredje norske forfattaren som har nådd finaleheatet til  Dagger-prisen. Jo Nesbø og Jon Michelet har tidlegare vore nominerte,. Vinnaren blir offentleggjort på eit arrangement frå London 1. juli

Dagger-prisen blir utdelt årleg av den britiske krimforfattarforeininga, og er blant dei mest anerkjente internasjonale krimprisane.

Agnes Ravatn har gitt ut ei rekke bøker, både romanar og sakprosa, og fleire er omsette til mange språk. For Dei sju dørene vann Ravatn i fjor Bokbloggarprisen, og ho var også nominert til Rivertonprisen.

Emner

Regions

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO