Gå videre til innhold
Aina Basso er nominert til Brageprisen i klassen Sakprosa for barn og unge for boka Dei dødsdømde.

Pressemelding -

Aina Basso er nominert til Brageprisen i klassen Sakprosa for barn og unge for boka Dei dødsdømde.

Aina Basso er nominert til Brageprisen i klassen Sakprosa for barn og unge med boka Dei dødsdømde - Dødsstraffa i Noreg og historia om nokre av dei som mista livet.

Juryen skriv i grunngivinga:

“Utgangspunktet for denne boka om dødsstraff er einskildskjebnar og utvalde hendingar frå ulike rettsprosessar i Norge, frå 1200-talet og fram til rettsoppgjeret etter andre verdskrig. Hendingane som utgjer bokas hovuddel, høyrer alle til i ei fjern fortid, men Aina Basso startar med å minne oss om dei mange kommentarane som kom etter terrorangrepet 22. juli, og ho avsluttar med eit kapittel som diskuterer praktisering av dødsstraff i verda dag. Slik etablerer ho rammer for emne og demonstrerer at innsikt i fortida kan hjelpe oss med å diskutere og forstå nåtida.

Dei dødsdømde utmerker seg som ei grundig fagbok om eit makabert, men også svært viktig emne. Framstillinga er kunnskapsrik og forma i eit stødig og poengtert språk. Vekslinga mellom einskildskjebnar, punktvise historiske riss knytt til strafferettslege spørsmål og innslag av etiske og filosofiske betraktningar inviterer både til refleksjon og diskusjon.”

Boka er illustrert av Kristian Krohg-Sørensen.

Aina Basso (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. I 2022 vann ho Samlagsprisen og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO