Pressemelding -
Aina Basso får KUD-prisen 2025 for romanen "Før det blir morgon"
Kulturdepartementet sin skjønnlitteraturpris for 2025 på kr 50 000 går til Aina Basso for Før det blir morgon. Juryen seier mellom anna dette om boka:
"Gjennom grundig research gjev Basso liv og kompleksitet til eit univers vi sjeldan finn i norsk ungdomslitteratur. Til trass for dette kjennest tematikken stadig aktuell. Boka er gripande og Aina Basso skapar på elegant vis kontrast mellom sterke hendingar og eit nøkternt og veloverveid språk. Det er i seg sjølv inga lita bragd."
Her kan du lesa heile juryen si begrunning: https://barnebokinstituttet.no...
Boka kom ut våren 2025, og har tidlegare vorte nominert til Uprisen.
Meir om boka:
Josefa er femten år gammal då faren ror henne over fjorden der ho skal gå i teneste på storgarden Li. Trass i saknet etter familien trivst Josefa blant tenestefolka på garden, og særleg Sara blir ein nær ven.
Men alt er ikkje like fint som det verkar på Li, og snart får Josefa erfare kva det er som ligg og ulmar under overflata. Før det blir morgon handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet.
Aina Basso skildrar historia på ein sanseleg og truverdig måte. Det er noko tidlaust over måten ho skriv om kjenslene, tankane og draumane til Josefa på. Samstundes viser ho fram ein røyndom der dei fleste menneske var prisgitt overmakta.
AINA BASSO (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For ungdomsboka Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Ho blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen Fange 59. Taterpige (2010). For Finne ly (2014) fekk ho Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman. I 2022 blei Basso tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen sin. Ho blei òg nominert til Brageprisen i open klasse: sakprosa for barn og unge for Dei dødsdømde. Aina Basso var festspeldiktar for Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda i 2022 og festivalforfattar for Falturiltu i 2023.
Foto: Oda Berby
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.