Gå videre til innhold
Foto: Oda Berby
Foto: Oda Berby

Pressemelding -

Aina Basso skriv sakprosa for ungdom om dødsstraff i Noreg

Forfattar, historikar og festspeldiktar Aina Basso er aktuell med historia om dødsstraff i Noreg, ei sakprosabok for ungdom. I Dei dødsdømde skriv ho om nokre av dei som blei avretta: ei kvinne blei brend i år 1301 fordi ho gav seg ut for å vere prinsesse. Ein tenåringsgut blei halshoggen etter å ha fått barn med si eiga søster på 1600-talet. Ei tenestejente på 1800-talet viste seg å vere ein iskald seriemordar og mista hovudet under øksa til bøddelen. Vi får òg vite meir om de som hadde som jobb å avrette dei dødsdømde: skarprettarane.

Sjølv om dødsstraffa vart avskaffa i Noreg i 1979, er det framleis ei rekke land i verda som avrettar kriminelle, også land vi sjølv likar å samanlikne oss med. Kva er argumenta for dødsstraff, og kva er grunnen til at Noreg ikkje vil ha det lenger? Gjennom ni kapittel visar Basso korleis haldninga til dødsstraff har endra seg gjennom hundreåra, og skriv om korleis pendelen har skifta frå tanken om hemn til forbetring. Boka er illustrert av serieskapar Kristian Krohg-Sørensen. 

Aina Basso (f. 1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. For Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Basso er årets festspeldiktar på Festspela. Ho treff historikar Nik Brandal til samtale om Dei dødsdømde på Aasentunet under Festspela 11.juni.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO