Pressemelding -
Anders Totland er aktuell med lyddrama for barn
Anders Totland feirar ti år som forfattar med "Katastrofedagbøkene: Hamstertrøbbel". Dette er nyskrivne lydforteljingar for barn om ein dramatisk jakt på hamsteren Svein Arild. Lyddramaet er tilgjengeleg eksklusivt på Fabel, og forteljingane er lesne inn av skodespelar Frank Kjosås.
Ideen til Hamstertrøbbel kom då Totland kom over ein artikkel om hamster som går i dvale. Tenk så mange hamsterar som vert gravlagde fordi eigarane trur dei er døde, men så er dei berre i dvale! Det er dramatiske og komiske ingrediensar til ein serie for barn i alderen 6-9 år.
Totland har skrive bøker innanfor alle sjangrar og debuterte for ti år sidan med ei biletbok. Sidan har han skrive ungdomsbok, kokebok, sakprosa for barn, roman for vaksne, formidlingsdrama, sakprosa for vaksne, krim, filmmanus og no lydforteljingar.
Hamstertrøbbel kjem på Fabel 7.november.
Anders Totland (f. 1986) kjem frå Bømlo. Han har vore forfattar i ti år og har gitt ut bøker i like mange sjangrar. Hans siste bok på Samlaget er Til døden skil oss, ein gladkrim om den pensjonerte presten Jacob Juul.
Emner
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.