Pressemelding -
Anne-Lise Frøland nominert til Vesaas-prisen for romanen "Tynne rivner av lys"
Anne-Lise Frøland fekk ei svært god mottaking for boka Tynne rivner av lys som kom ut våren 2025. No er ho nominert til Tarjei Vesaas´debutantpris for 2025. Juryen meiner ho "leverer skrivekunst på høgt nivå."
Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.
Fleire meldarar kalla Frøland ein usedvanleg debutant og det vart sagt om boka at ho er" solid, vesentleg og gripande" og Frøland fekk skryt for å skrive "oppsiktsvekkande stødig og overtydande."
Grunngjevinga til juryen:
"I Tynne rivner av lys smeltar det vakre saman med det brutale, og desperasjon og depresjon blandar seg med håpet om at ting skal snu, at det skal gå bra, trass alt. Personane er samansette, det same er forklaringane på kvifor alt blir som det blir. I bakgrunnen syng forteljinga om kor tøft livet som norsk småbrukar i våre dagar ofte kan vere, særleg når økonomisk kollaps trugar. Frøland fortel i denne romanen om eit sårbart sinn, men òg om ei næring og eit bygdeliv i rask og stor endring. Historia blir fortalt på fleire tidsplan og i eit finstemt, presist og poetisk språk. Dette er ein debutant som allereie leverer skrivekunst på høgt nivå."
ANNE-LISE FRØLAND (f. 1993) kjem frå Ålesund og bur i Oslo Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø. Tynne rivner av lys er den første romanen hennar.
Forfattarportrett: Marius Fiskum
Kvart år deler Den norske Forfattarforening (DNF) ut den den høgthengande Vesaas-prisen – Tarjei Vesaas’ debutantpris – til årets beste skjønnlitterære debutant. Prisen vert delt ut på DNFs årsmøte i mars. Vinnaren får 60 000,- og eit diplom.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.