Gå videre til innhold

Pressemelding

Arild Rein med ny roman frå oljebyen; "Det mørke fastland 1980"

I den nye romanen Det mørke fastland 1980 tar Arild Rein eit steg tilbake frå 1995, året då handlinga i debutromanen hans Hundedagane startar, og året då Noreg blir ein renteniststat. Rein interesserer seg for Olje-Noregs vekst og forfall, nærare bestemt skuggesidene ved dette samfunnet. Korleis har olja forma den norske mentaliteten: forholdet vårt til arbeid, rikdom, øydsling og kriminalitet?

Stavanger 1980: Max kjenner seg fri etter å ha mista far sin. Tommy prøver å halde ut som postbod. Freddy har funne ut at faren har levd eit dobbeltliv. Og Rainer har redda familiens hus frå å brenne ned. Henry lyttar tolmodig til utblåsingane deira og blir eit tidsvitne. Den unge vennegjengen ønsker raskast mogleg å rømme frå byens nyrike verkelegheit og trauma den har skapt. Dei fire monologane gir oss innsyn i ein sterkt klassedelt by der mentaliteten til arbeidarar, nyrike, gammalrike og kristne er på kollisjonskurs.

Arild Rein (f. 1960) debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Han har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar, og er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018.




Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel - 12. mai 2025 kl. 14.19.06 (1).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 643 KB
    Last ned
  • foto av Arild Rein
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse, ingen bearbeidelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1372 x 2048, 415 KB
    Last ned
  • 9788234016622_Det_Mørke_Fastland.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3024 x 4843, 1.01 MB
    Last ned