Pressemelding —
Arne Hjeltnes klar med boka "Det går sikkert bra: folk eg har møtt, og ting eg har lært"
Arne Hjeltnes har alltid vore på farten. I oppveksten på Voss rasa han rundt på sykkel og ski. I 90-åra vart Hjeltnes landskjend for reiseprogrammetGutta på tur på TV 2.
Han har skapt seg eit namn i næringslivet og er kjend som ein entusiastisk formidlar av norsk matkultur, lokal tradisjon og historie.
I den nye boka Det går sikkert bra: folk eg har møtt, og ting eg har lært, fortel Hjeltnes levande om alt han har plukka opp og lagt i sekken undervegs. Kor mykje risiko skal ein ta? Kva er ein god sjef? Er det lurt å vera litt naiv av og til? Og kan ein gjera handelsavtalar på vegner av Noreg på tur i India?
Her får du vita kva han har lært av folk på si ferd, enten det er på reise i Mikronesia med Arne Næss, på Finnmarksvidda med Molleš Piera, i Asia med Ingrid Espelid Hovig eller i privatflyet til Kjell Inge Røkke med gamle skiheltar.
Og sjølvsagt har han plukka opp eit og anna frå mor si.
Arne Hjeltnes (f. 1963) er næringslivs- og reklamemann, TV-personlegdom og forfattar. Han vart kjend som programleiar for Gutta på tur saman med Bjørn Dæhlie, Vegard Ulvang og Arne Brimi, ein serie som gjekk fast på TV 2 frå 1996 til 2002.
Emner
Regions
Samlaget gir ut skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og fakta, og faglitteratur for studentar i høgare utdanning.