Gå videre til innhold
Berit Rødstøl undersøker kollektiv sorg og nedarva skuld i ny roman

Pressemelding -

Berit Rødstøl undersøker kollektiv sorg og nedarva skuld i ny roman

Etter punktum er ein roman om ei bygd som ikkje gløymer.
Ei ung jente døyr i ei tragisk bussulykke og fører ei lita vestlandsbygd inn i ei tåke av sorg og fordømming. Femten år seinare vender dottera til bussjåføren attende for å ta over garden og blir overraska av ei bygd som ikkje har gløymt. Romanen handlar om det som skjer etter at punktum er sett. Om ei kollektiv sorg som ikkje vil gro, om retten til å sørgje og om å arve ein annan si skuld. Om spørsmålet om kva som må til for at vi skadar andre med vilje og kan forsvare det overfor oss sjølve. 

Berit Rødstøl (f. 1979) er forfattar, journalist og dokumentarfilmskapar. I 2010 debuterte ho med romanen Himmelreisande, som handlar om hunden Laika som vart send ut i verdsrommet i 1957. Ho har også gitt ut barneboka Frøppeldunk (2015) saman med Christian Fjeldbu (illustratør). Etter punktum er hennar andre roman.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO