Gå videre til innhold
Foto: Sara S. Sanderud
Foto: Sara S. Sanderud

Pressemelding -

Bok to i populær spenningsserie

Det blir ein iskald sommar i Bergen i andre bok av Tor Arve Røssland si populære spenningsserie Overleve. Lansering 4.august.

I Overleve 2: Istid møter vi igjen trettenåringane Jamal og Eira. Etter å ha vore med på ei dramatisk reise med forskingsskipet Bluenose, der dei blei angripne av kanonskipet Georgia og nesten havarerte, er dei no komne til Bergen. Eira skal i land og legge bak seg alt som har skjedd, mens Jamal skal vere med på neste tokt. Det er sommar, og alle trur det skal bli varmt og fint.

Men svart oske har blitt spydd ut i store mengder frå ein vulkan på Jan Mayen. Oska sperrar for sola, og snart begynner det å regne og sludde. Temperaturen går langt under frysepunktet, og forskarane er uroa. Kva er det som eigentleg skjer med klimaet?

Istid er andre bok i spenningsserien Overleve, som tar deg med til ei nær framtid, der menneska er utryddingstruga. Boka er illustrert av Nikolai Lockertsen.

Tor Arve Røssland skriv bøker for barn og unge og er kanskje mest kjent for grøssarserien for ungdom Svarte-Mathilda. Han har vore nominert til Uprisen fleire gongar, og no til Bokslukarprisen for første bok i Overleve, Vulkanen vaknar.

Related links

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO