Gå videre til innhold
Dramatisk avslutning på spenningsserie frå Tor Arve Røssland

Pressemelding -

Dramatisk avslutning på spenningsserie frå Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland er ein meister av spennings for barn og ungdom og no set han punktum for serien Overleve med tredje bok, Den siste krigen.

I Overleve tar Røssland lesarane med til ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Forskarar har i eit forsøk på å stanse den globale oppvarminga sleppt ut enorme mengde oske, og med det starta ein ny istid. I Den siste krigen følgjer vi dei norske tenåringane Jamal og Eira som flyktar sørover i jakt på ein trygg hamn mens iskanten rykkar stadig nærmare. Samstundes eskalerer konflikten mellom Americas og Alliansen, og ein invasjon verkar uunngåeleg. Og ingen veit kva Den Kinesiske Staten planlegg. Kven har den mektigaste flåten? Kven kjem til å vinne krigen? Og er det i det heile tatt mogleg for menneskeslekta å vinne krigen?

Overleve er ein spannande og tankevekkjande serie med klimaendringar som bakteppe. Serien er illustrert av Nikolai Lockertsen.

Tor Arve Røssland (f.1971) skriv bøker for barn og unge, og er kanskje mest kjent for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Han har vore nominert til Uprisen fem gongar.

Related links

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Tor Arve Røssland
    Tor Arve Røssland
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3744 x 5616, 9.83 MB
    Last ned
  • 9788234010460 Den siste krigen Framside C
    9788234010460 Den siste krigen Framside C
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1578 x 2497, 5.66 MB
    Last ned
  • Overleve: Vulkanen vaknar av Tor Arve Røssland
    Overleve: Vulkanen vaknar av Tor Arve Røssland
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1520 x 2479, 6.44 MB
    Last ned
  • 9788234006838 Istid Framside C
    9788234006838 Istid Framside C
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1509 x 2479, 4.64 MB
    Last ned

Relatert innhold