Gå videre til innhold
Brageprisen til Maria Parr og Åshild Irgens

Pressemelding -

Brageprisen til Maria Parr og Åshild Irgens

Maria Parr og Åshild Irgens vinn Brageprisen i klassen Barne- og ungdomsbøker for boka Oskar og eg. Det er tredje gong Maria Parr får Brageprisen, og ho delar årets Bragepris med illustratør Åshild Irgens.

Juryen skriv i grunngjevinga:

– Maria Parr har ei eiga kjensle og eit eige språk for å skildre opplevinga av å vere barn. Ho gøymer ikkje bort raske replikkar eller gleda av å vere ny i livet. Her er høg temperatur og såre vendingar tett slyngde saman. Språk friskt som sjøsprut, rasande som torevêr og mykt som sommarvind kjem om kvarandre. Slik speglar språket livet, og slik speglar storesøster Ida seg i veslebror Oskar si verdsforståing, som er ny, kvar dag.

Oskar og eg har fått strålande meldingar og har lege på bestseljarlistene gjennom hausten.

Forlaget ønsker Parr og Irgens til lukke med Brageprisen!

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO