Gå videre til innhold
Foto: Julia Marie Nagelstad
Foto: Julia Marie Nagelstad

Pressemelding -

Maria Parr er endeleg tilbake med ny barnebok

Parr er ein av Noregs fremste barnebokforfattarar, og 15. august kjem endeleg boka Oskar og eg, om søskenparet Oskar og Ida.

Det er Ida på ni som er forteljaren i denne varme, sjarmerande og kloke boka om leik, kvardag og om å bli eldre. Men sjølv om det er Ida som fortel, er det mest veslebror Oskar på fem år som speler hovudrolla som villstyring og optimist. Parr har skrive mykje om vennskap tidlegare, men mindre om familien og seier dette om Oskar og eg:

– Å skrive fram Ida og Oskar og livet deira har vore nesten som å opne ei skattkiste. Eg har kosa meg veldig. Eg har tenkt mykje på kva som ligg igjen i oss til slutt. Og når alt kjem til alt, så trur eg det er alle kvardagane, alle dei små stadene og hendingane som er nesten ingenting, men viktigast likevel.

Boka er illustrert av Åshild Irgens, eit samarbeid Parr og Irgens har halde fram med sidan suksessromanen Tonje Glimmerdal.

Maria Parr er rekna for ein av dei fremste barnebokforfattarane i Noreg, og bøkene hennar er også populære utanlands. Ho har vunne Kritikarprisen, Brageprisen, og bøkene hennar er omsette til nesten førti språk. Ho er den einaste barnebokforfattaren som har vunne Sultprisen, og bøkene hennar er blitt sette opp på scene fleire gonger og sende som barne-TV. Ho har vunne fleire internasjonale litteraturprisar for dei moderne klassikarane Tonje Glimmerdal og Vaffelhjarte.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO