Gå videre til innhold
Debuterer med feministisk diktsamling om einsemd og lausriving

Pressemelding -

Debuterer med feministisk diktsamling om einsemd og lausriving

Debutsamlinga Ho av Christine Kjellstrøm Melby skildrar einsemda etter eit brot, ein vinterdepresjon som veks ut av proporsjonar - for ikkje å snakke om klørne som veks ut av føtene og sprenger seg ut av joggeskoa. Ei kvinne blir forvandla frå menneske til dyr, frå dyr til jord - og frå jord til kvinne igjen. 

Grensene blir uklare mellom natur og sivilisasjon, fortid og framtid og mellom det metafysiske og det konkrete, og syner at av og til må ein kanskje setje seg sjølv i ein større samanheng for å kome seg vidare og bli fri.

Boka handlar om korleis ein kanskje må gå heilt i oppløysning, før ein kan bryte fri frå det ein har blitt pålagt å vere. Om ei lausriving frå noko gammalt, inkludert seg sjølv slik ein har vore.

Christine Kjellstrøm Melby (f. 1990) er oppvaksen i Mandal. Ho har studert sosiologi og religionsvitskap og har gått på skrivekunstlinja ved Nansenskolen.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO