Gå videre til innhold
Foto: Sara Sanderud

Pressemelding -

Debuterer med morosam og underfundig diktsamling for barn

Anker Eysajan har gått Samlaget og Minotenk sin forfattarskule og debuterer i haust med diktsamlinga Ein måne i magen, illustrert av Hilde Hodnefjeld.

Krølle er ein vilter og fantasifull gut som elskar å leika! Vi følgjer han gjennom ein vanleg dag i livet, frå han står opp, og til han skal legga seg igjen. På ferda gjennom dagen går han ut og kler den sure vinden inn i mange lange skjerf, han forvandlar seg om til ein superfrosk, og han et ein heil måne til kvelds.


Ein måne i magen
er morosame og underfundige dikt som speglar verda barna lagar seg heime, og viser fram magien i kvardagen. Hilde Hodnefjelds strek speler på lag med dei leikne barnedikta og tar tankespinnet endå eit hakk vidare.

Anker Eysajan (f.1993) er debutant. Dikta i Ein måne i magen spring ut av studieåret ved Samlaget og Minotenks forfattarskule. Han har i tillegg gått forfattarlinja ved Buskerud folkehøgskule.

Hilde Hodnefjeld (f.1966) er ein erfaren bildebokskapar med mange titlar bak seg, både som illustratør av andre og eigne bøker. For Samlaget har ho m.a. illustrert den brageprisnominerte diktsamlinga Tusen elgar i garasjen av Sigmund Løvåsen.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel (10).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1200 x 630, 1.13 MB
    Last ned
  • Anker Eysajan (C) Sara Sanderud_0.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6240 x 4160, 6.84 MB
    Last ned
  • 9788234014154 Ein måne i magen.jpeg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1544 x 1559, 699 KB
    Last ned
  • Anker Eysajan (C) Sara Sanderud_10.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3390 x 5085, 7.77 MB
    Last ned