Gå videre til innhold
Debuterer med tinder-dikt om den moderne datingkulturen

Pressemelding -

Debuterer med tinder-dikt om den moderne datingkulturen

Hovudpersonen i denne leikne og humoristiske diktsamlinga har det eigentleg heilt fint. Heilt til den dagen ho byrjar å sjå menn. Da bryt sjølvsagt helvete laus. Ho lagar seg ein profil på Tinder. Kor vanskeleg kan det vere å finne ein mann ein kan kjenne nærleik til? Det er trass i alt mange av dei i Tinder-straumen. Men korleis gjer ein gode val i eit hav av ingeniørar, skjematisk posering med sjølvfiska fisk og emoji-rebusar frå dyre-, plante- og mineralriket? Og kva skal til for sjølv å bli vald i ein kortstokk av hjartedamer?

Frå melding av Eg et før eg kjem:
«Hennes dikt er direkte, og selv om det her er noen dikt for mange, har ingen av dem et ord for mye, og de er frie for ornamentikk og føleri. Tilbake er en skarpslipt fortelling om kjærlighetslengsel som utspiller seg på en arena hvor sjansene for innfrielse knapt eksisterer.» Fartein Horgar, Adresseavisen«En diktsamling på over 200 sider er i seg selv imponerende, og med åpningsdiktet «Eg går», settes ikke bare tonen, men en skyhøy standard.» Fartein Horgar, Adresseavisen

Kari Anne Bye (f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Eg et før eg kjem er den første boka hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO