Pressemelding -
Den feministiske lesefesten "Etter Sapfo" av Selby Wynn Schwartz kjem endeleg på norsk
«Andelaust, sanseleg vakkert … Noko nytt og nødvendig.» Guardian
«Etter Sapfo er eit behageleg og mektig rom å vere i. … ei hyllest til, ei påminning om, ei lovprising av det eigne rommet. Sapfos Lesbos, Virginia Woolfs rom. Det skapande rommet, det skeive rommet. Den frie tankens rom, danningsrommet. Alle dei romma som vi – ja, vi, kvinner framleis treng.»Expressen
«Etter Sapfo oppnår det berre den rausaste kunsten får til: å skape ei meir fullkommen verd av det ufullkomne i vår eiga. … Eit verk av gripande geni, ein katalog over nærleik og nyvinningar, begjær og draumar.» Washington Post
Meir om boka:
«Kva vi ville ha? Til å begynne med det halve befolkninga hadde fått berre ved å bli født.»
Etter Sapfo tar oss med på ei reise der vi utforskar kvinneleg fridom, kunst og kjærleik. Som ein leietråd, både for kvinnene vi møter og for oss lesarane, går fragment av poesien til Sapfo, den store lyrikaren frå det antikke Hellas.
Fortald gjennom eit kor av ulike stemmer er romanen ei gledefylt nytolking av livet til fleire framståande feministar, kunstnarar og forfattarar frå førre hundreårskiftet. Lina Poletti, Virginia Woolf, Sarah Bernhardt, Colette, Gertrude Stein og Josephine Baker er blant dei mange kvinnene som deler sidene i denne romanen. Dei kjempar for kontroll over eige liv, for frigjering og rettferd – eit eige rom.
Boka er omsett av Oda Malmin.
SELBY WYNN SCHWARTZ (f. 1975) er ein amerikansk forfattar med doktorgrad i komparativ fransk og italiensk litteratur. Ho underviser i skriving ved Stanford University. Ho debuterte med Etter Sapfo i 2022. Boka fekk ei strålande mottaking og blei nominert til Bookerprisen same året.
Emner
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.