Pressemelding -
Det japanske stjerneskotet Emi Yagi ute på norsk med romanen "Dagbok frå eit tomrom"
Emi Yagis første roman vart kåra til ei av årets ti beste bøker i The New Yorker og vann den prestisjefulle debutantprisen Dazai Osamu i Japan.
I Dagbok frå eit tomrom møter vi Shibata, som er den einaste kvinna på kontoret.Ho gjer alle dei kjipe arbeidsoppgåvene ho aldri har bedt om. Ein dag får Shibata nok og seier at ho ikkje kan vaske dei brukte kaffikoppane til kollegaene lenger fordi ho er gravid og ikkje toler lukta.
Gravide Shibata treng ikkje servere kaffi til nokon. Gravide Shibata treng ikkje jobbe overtid. Gravide Shibata ser på TV, tek lange bad og blir med på aerobictimar for framtidige mødrer. Det er berre det at Shibata ikkje er gravid, og no har ho ei ni månader lang løgn å oppretthalde. Med svart humor og presis samfunnssatire skildrar Dagbok frå eit tomrom korleis ei kvinne må dikte opp ein graviditet for å bli sett og respektert.
Boka er omsett av Ingvill Kjærstein.
"Ein genistrek av ein debutroman"
Politiken
EMI YAGI (f. 1988) bur i Tokyo og arbeider som redaktør i eit populært kvinneblad. Dagbok frå eit tomrom er den første romanen hennar.
Forfattarportrett: Mayumi Abe
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.