Gå videre til innhold
Foto: (c)Sara Berntsen
Foto: (c)Sara Berntsen

Pressemelding -

Ny dystopisk spenningsserie for unge frå Tor Arve Røssland

Det er ein stor glede å melde at Tor Arve Røssland er i gang med ein ny spenningsserie for unge, og første bok i trilogien Overleve kjem 13.januar 2022! Bok to kjem hausten 2022.

I Overleve: Vulkanen vaknar er vi ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Vi møter to norske ungdommar, Jamal og Eira. Dei er om bord på forskingsskipet Bluenose, kor dei er med fedrane sine. Mannskapet på båten skal forske på livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Jamal er oppriktig interessert i oppdraget, mens trassige Eira er med mot sin vilje. Motsetningane mellom dei fører til at dei har lite til overs for kvarandre, men når Bluenose brått finn seg midt i ei brutal krigssone må dei byrje å samarbeide for å overleve.

Røssland har skrive ein svært spannande dystopi med ein skremmande aktuell tematikk: kva skjer med verda når det blir knapt om ressursane? Samstundes er det ein engasjerande og nervepirrande bok om mot. Det skortar ikkje på sakprosa for barn og unge om klimakrisa, men tematikken er framleis lite utforska i skjønnlitteraturen for denne målgruppa. Om å skrive Overleve seier Røssland at det har vore ein motivasjon å kunne snike inn både klima- og havforsking og verdas undergang i ein underhaldande spenningsroman. Ideen fekk han for mange år sidan, då han tenkte at han skulle skrive noko ur-norsk som ingen hadde gjort før: at menneska blir ramma av ei ny istid.

Serielitteraturen er ikkje eit nytt format for Røssland som debuterte med barneboka Pode i 1999, og det blei til slutt fire bøker om seksåringen Pode og familien hans. Røssland er kanskje mest kjend for sine spennings- og grøssarbøker for unge, som bøkene om Svarte-Mathilda som han blei nominert til Uprisen for i 2011. Ungdomsboka Glimt frå 2015 blei kåra til ei av dei beste ungdomsbøkene skrivne på nynorsk etter år 2000. Røssland (f.1971) kjem frå Kvinnherad, og bur i Os.

Boka er illustrert av Nikolai Lockertsen. Lockertsen er illustratør og animatør med lang erfaring frå film- og TV-bransjen.

Historia om Jamal og Eira held fram med band to hausten 2022, og tredje band kjem i 2023.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO