Gå videre til innhold
Odd Eirik Sætre Færevåg har skrive forteljingar frå Røvær
Odd Eirik Sætre Færevåg har skrive forteljingar frå Røvær

Pressemelding -

Færevåg klar med 29 forteljingar frå Røvær

Den vesle jenta og havet handlar om å finne trøyst i litteraturen.

Ein vinterdag i 1985 køyrer ei lita jente det grå akebrettet til broren utfor vegen og fell uti sjøen på grunna. Der blir ho liggjande med andletet ned og druknar, berre fem år gammal. Tilbake står ein familie på to vaksne og tre barn. Ingen såg kva som skjedde.

Mange år etterpå nærmar broren seg ulykka gjennom å skrive. Han finn glede og trøyst i å lese. I dialog med litteraturen leiter han etter ei form til skildringa av det som skjedde. Mercedes av Ragnar Hovland opnar noko for han. Hemingway dukkar opp i form av ein katt som krev kald mjølk og gir skriveråd. Ein strandnellik held ein TED-talk om livet på fyret der ute. Tekst for tekst teiknar forfattaren eit portrett av ei øy og ein familie. Gjennom stilsikker sjangerleik og full av kjærleik heidrar han ei lita søster.

Frå melding av Den vesle jenta og havet:

"Noen ganger kan bøkene være veier ut av det som står på rundt en, andre ganger kan de være veier inn i det samme - og begge deler er nødvendig. Færevågs stadige fordøying av søsteras død gjennom de mange og ulike fortellingene unngår det sentimentale, men er heller ført i en lun og oppriktig tone. Når jeg leser, blir det tydelig for meg hvordan forfatteren har klart å gjøre om sorgen over søsteras død til takknemlighet.» Ulla Svalheim, Vårt Land

Odd Erik Færevåg (f. 1976) kjem frå Røvær. Han debuterte i 2013 med diktsamlinga Dagane grå. Færevåg bur i Haugesund og arbeider som lektor.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO