Gå videre til innhold
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Fjerde bok i populær spenningsserie for barn

Ruth Lillegraven er i haust aktuell som festivaldiktar på verdas største nynorske barnebokfestival Falturiltu, og med fjerde bok i den populære spenningsserien Klodeklubben, Julemysteriet

I Klodeklubben møter vi Vanja, Sivert og Mo som bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad, kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar. I Julemysteriet gler Vanja og Sivert seg til å vise Mo den årlege julemarknaden. Torget i bygda blir fylt av boder og midt på torget skal foreldra til Vanja setje opp ei diger julegran. Dessutan kjem det kvart år ein julenisse med slede og ekte reinsdyr!

Men i år er det ikkje like koseleg. Det er ikkje snø på bakken når Klodeklubben kjem til julemarknaden. Og rett før grana skal tennast, oppdagar dei at nokon har kløyvd julegrana i mange deler. Og heller ikkje julenissen dukkar opp med reinsdyra!

Kven har øydelagd julegrana? Og kva har skjedd med julenissen? Kan desse to mysteria ha ein samanheng?

Kvar bok inneheld ein del som heiter Miljøfakta med Aftenposten-journalist Ole Mathismoen. I denne fjerde boka får lesaren vite meir om klimaendringar. 

Serien er illustrert av Jens Kristensen.

Dei to første bøkene i serien, Dei svarte svanene og Hytta som forsvann, kom ut våren 2020, medan den tredje boka, Fanga på fjorden, kom ut våren 2021. 

Ruth Lillegraven (f.1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar.

Jens Kristensen (f. 1975) er ein anerkjent illustratør og bildekunstnar. Han er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. For illustrasjonane til Klodeklubben. Dei svarte svanene, vann han Kulturdepartementets illustrasjonspris 2020.

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO