Gå videre til innhold
Guro S. Auganes og boka 31 dagar i oktober.

Pressemelding —

Guro S. Auganes aktuell med grøssar for mellomtrinnet – perfekt for halloween

Med 31 dagar i oktober har Guro S. Auganes skrive ein til tider naglebitande grøssar krydra med varme og humor. Boka tel ned dagane fram til halloween og passar perfekt for alle som gler seg til å gå knask eller knep.

Det nærmar seg halloween, men Odin gler seg ikkje. Han har motvillig takka ja til å spele solo på korpskonserten, og på skulen skal dei ha gruppearbeid, noko han hatar. For kven vil vere på gruppe med tause, rare han?

I tillegg skjer det mystiske ting i bygda, ein kappekledd person går rundt og lokkar barn til seg. Kan det ha samanheng med den gamle segna, den om heksa i Skoglia, ho som bortførte og åt barn? Saman med Sigrid og Julie, som han er på gruppe med, begynner Odin å undersøkje historia. Men kven er det som følgjer med på alt dei gjer, og som har skumle planar for halloween?

31 dagar i oktober er ei mystisk og spennande nedteljingsbok for alle barn som gler seg til halloween. Boka er illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.

Guro Storløkken Auganes (f. 1979) bur i Oslo med sambuar, to barn og to kattar. Ho har tidlegare gitt ut barneboka Katteskriket (2024). 31 dagar i oktober er den andre boka hennar.

Bård Sletvold Torkildsen (f. 1990) er illustratør og designar. Han har tidlegare gitt ut boka Herman saman med Erlend Loe og Herman Flesvig og Korpset som tok til høyre i stedet for venstre saman med Fridtjof Josefsen. I 2024 illustrerte han bildeboka Grisungen med den rette halen, skriven av Hilde Myklebust.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • 31 dagar i oktober av Guro S. Auganes
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.64 MB
    Last ned
  • 31 dagar i oktober
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Bård Sletvold Torkildsen
    Størrelse:
    4662 x 6000, 8.86 MB
    Last ned
  • Guro Auganes
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5356 x 8030, 19.8 MB
    Last ned