Gå videre til innhold

Pressemelding

Helene Guåker aktuell med ny barnebok om einsemd, fattigdom og det å grue seg til jul

Med Stella seier sanninga (stort sett) har Helene Guåker skrive ein varm, humoristisk og sår oppfølgjar til Kritikarpris-nominerte Stella står i det.

Det er snart jul, men Stella gruer seg. For både bestevenninna Rania og naboen Hillevi skal reise bort i ferien. Kven skal ho og mora feire saman med då? Når Stella får tenkt seg om, skjøner ho at to er for lite, dei må vera fleire. Og er ikkje eigentleg leilegheita deira stor nok til ein til?

Utan at mora får vita det, begynner Stella å leite etter ein leigebuar. Det skal vise seg å vera lettare sagt enn gjort, for det er visst berre raringar som finst i denne byen. Når tankane tårnar seg opp i Stella, skriv ho dei ned på lappar i ei bok ho finn på biblioteket. Men ein dag er det nokon som plutseleg begynner å svare henne.

Stella seier sanninga (stort sett) er oppfølgjaren til den Kritikarpris-nominerte Stella står i det og handlar om einsemd, fattigdom og om å finne fellesskap på uventa stadar. Boka er illustrert av fabelaktige Oda Valle.

Helene Guåker (f.1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink, medan ho i 2020 blei nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen for ungdomsromanen Høgspenning livsfare. Hennar første bok for mellomtrinnet, Stella står i det, vart nominert til Kritikarprisen og er seld til utlandet.

Oda Valle (f.1983) er illustratør, teikneserieskapar og forfattar.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Stella seier sanninga (stort sett) av Helene Guåker
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1640 x 856, 1.86 MB
    Last ned
  • Helene Guåker
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6240 x 4160, 7.71 MB
    Last ned
  • Stella seier sanninga.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1748 x 2480, 1.42 MB
    Last ned