Gå videre til innhold

Pressemelding -

Herborg Kråkevik kjem med praktboka "Vi vandrar saman. Gjennom song og bilde"

4. mars blir det konsert med Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene i Nasjonalmuseet. Konserten markerer lanseringa av både praktboka og albumet «Vi vandrar saman».

«Aldri har vel den norske songskatten blitt tolka på ein finare måte», sa Spelemann-juryen då Kråkeviks songbok kom ut med eit brak for 25 år sidan.

No har Kråkevik utvida songskatten og fått kopla han med nokre av dei mest markante bilda i norsk målarkunst, henta frå Nasjonalmuseet. Resultatet er blitt til ei praktbok og eit album saman med TrondeimSolistene som viser oss den norske kulturarven på nytt og personleg vis.

- Det er eit kjært og livslangt arbeid for meg, å tørka støv av gamle skattar og gje dei nytt liv, seier Herborg Kråkevik.

Det eldste måleriet i boka er Fra Stalheim frå 1849 av I.C.Dahl og det nyaste er Marianne Heske sitt Prosjekt Gjerdeløa frå 1980-81. Songane har eit endå større spenn, frå middelalderballaden Jeg lagde meg så silde til Vamp-songen Liten fuggel frå 2012. Bilde og song vert i boka knytte saman av tekstar skrivne av Herborg Kråkevik.

Direktør ved Nasjonalmuseet, Ingrid Røynesdal, set pris på samarbeidet med Kråkevik og Samlaget:

– Det er inspirerande at ein av våre mest folkekjære artistar igjen omfamnar norsk kulturarv på sin personlege måte. Det gir nye perspektiv til både kunst og musikk, som mange alt har eit nært forhold til, seier Ingrid Røynesdal, direktør ved Nasjonalmuseet.

Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget legg vekt på felleskapen i Kråkeviks formidlingsprosjekt;

· I ei tid prega av uro og polarisering treng vi prosjekt som dette – som knyter oss til kunst- og kulturhistoria vår, og som minner oss om krafta i songen, i fellesskapet og i forteljingane våre.

Herborg Kråkevik (f. 1973) er sjeldan allsidig som songar, skodespelar og tekstforfattar, og ho har gjennom fleire tiår halde på posisjonen sin som ein av landets fremste kulturformidlarar.

Ho vaks opp i Jondal og bur no i Viborg i Danmark. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 1.2 MB
    Last ned
  • _DSF0374-Herborg Kråkevik (c) Sara Sanderud.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3661 x 2437, 6.3 MB
    Last ned
  • _DSF0257-Herborg Kråkevik (c) Sara Sanderud.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3761 x 5416, 10.7 MB
    Last ned
  • Vi vandrar saman.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2244 x 2906, 3.42 MB
    Last ned