Pressemelding —
Hilde Myklebust aktuell med ny ungdomsroman om viktige venskap når verda fell saman
Heilt sidan barndomen, då Dima kom flyttande frå mottaket, har ho og Jenni vore uskiljelege. No ventar tiandeklasse med teater, festing og nye folk. Framtida kjennest lys og lokkande for dei to jentene.
Men heime hos Dima er ikkje alt som det skal. Eit mørker har teke plass i faren, og ho er viss på at foreldra skjuler noko. Ein dag står ein politibil utanfor huset deira, og verda fell saman. Dima vert send ut av landet i lag med familien.
Jenni står knust og rasande att, ho nektar å godta ein slik urett.
Med Ingen kan nå oss har Hilde Myklebust skrive ein varm, nær og brennande roman om kor viktig venskapen er når alt anna raknar.
Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005. I 2009 gav Myklebust ut bildeboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin. Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen, til den tyske litteraturprisen Buxtehuder Bulle, og er valt ut som ein White Raven i 2023. Bildeboka, Grisungen med den rette halen, kom i 2024 og er illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.
Emner
Kategorier
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.