Gå videre til innhold
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Pressemelding -

Hilde Myklebust debuterer som ungdomsbokforfattar med romanen Splintra

Hilde Myklebust debuterer som ungdomsbokforfattar med Splintra, ein sterk roman om vennskap.

Mia og vennegjengen hennar er akkurat ferdige med ungdomsskulen. Til hausten skal dei splittast og dra i kvar si retning. Med dei har denne sommaren i lag, her og no. Gjennom ferien kjem Mia og Are nær kvarandre på ein ny måte, og det blir vanskeleg å skilje mellom kva som er vennskap, og kva som er kjærleik.

Hausten kjem, og Mia flyttar på hybel. Ho blømer i det nye miljøet på musikklinja med musikal og konsertar, festing og nye vener.

Men så blir Are sjuk. Veldig sjuk.

Splintra er ein rik roman om vennskap. Om korleis det er mogleg å vere både lukkeleg og full av sorg når noko veldig fint og noko veldig vondt hender på same tid.

Hilde Myklebust (f.1979) kjem frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005. Ho har også gitt ut fleire bøker for barn, sist Ylva og villgeitene (2020), illustrert av Akin Duzakin.

Splintra blir lansert 3.juni.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO